Dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens
Dette er eit tilbod to gonger i veka, måndag og torsdag.
Kontakt
Leiar av dagaktivitetstilbodet er Anita Hatlem Villanger.
Ho kan nåast ved tlf. 56165116 eller ved å sende ein epost til anita.hatlem.villanger@fedje.kommune.no
Føremål med tenesta
- Bidra til å skape meiningsfulle opplevingar og ein aktiv kvardag for den einskilte brukar
- Stimulera eigenmeistring tilpassa den einskiltes funksjonsevne
- At alle kan bu heime så lenge som mogleg
- Fysisk, psykisk og sosial aktivisering
Kven som kan få tildelt tenesta
- Personar som har hatt heimebesøk av sakshandsamar
- Personar med mild til moderat demenssjukdom
- Kan ikkje vera tilknytta omsorgsbolig med heldøgns tilsyn
- Personen må vera fysisk oppegående og kunne følgje et enkelt opplegg
Kva kan brukarane forvente
- Omsorg, tryggleik, serviceinnstilling, veiledning og evt. Tilrettelagte individuelle aktiviteter
- Personell med kompetanse på demens og miljøbehandling
- Ved søknad om kommunale tenesta vil hjelpebehovet også kartleggjast i høve til IPLOS, som er eit nasjonalt register som beskriv ressursar og hjelpebehov til dei som søkjer om tenesten
Forventningar til brukarane
- Brukar skal ha nytte av tilbodet og fungera i ein gruppe
- Dersom sjukdommen gjer at dagaktivitetstilbodet ikkje fungerar, vil det verta vurdert andre tilbod i kommunen og tenesten opphører
- Respekt for rammer og innhald
- Vilje til å teke del i aktivitetane ut frå eigne føresetnader
- Gjensidig respekt for kvarandre
Transport
Du må sjølv betale for transporten. Sjukeheimen kan hjelpe å organisere transporten. Du kan sjekke om du oppfyller krava for TT kort.
Pris for dagopphold pr.d.d:
Kr.95 utan middag.
Kr. 145 med middag.
Søknad
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
Grunnlag
Tenesta vurderast ut frå søkjarens behov, i tråd med rundskriv 1-5/2007 Aktiv omsorg.
Sist oppdatert:
30.10.2018
Publisert:
30.10.2018