HjemAktueltNyheiterBrunt vatn på Fedje

Brunt vatn på Fedje

Brunt vatn i springen er ikkje farleg, men kan opplevast som ubehageleg. Det er usikkert kor lenge dette vil vare, eit anslag er 5 til 6 dagar med misfarga vatn. Det kjem på plass ein 12m3 vasstank på formiddagen tysdag den 30. april. Den vil stå på brannstasjonen i Kalvedalen, og her kan ein hente vatn kvar dag mellom klokka 08:00 og 15:00.

Forklaringa på det misfarga vatnet er at innvendig belegg i hovudleidningane løyser seg og blir frakta med drikkevatnet. Når røra rustar over tid, flassar materiala av og kan ende opp i vassforsyninga di, og gi vatnet ein oransjebrun farge (jernrøyr). Innvendig belegg i hovudleidningar kan løyse seg og finne vegen inn i ei stikkleidning utan ein påviseleg årsak. 


Sist oppdatert: 29.04.2024
Publisert: 29.04.2024