Særskilt om føring av konsesjonsopplysingar:

Alle eigenfråsegner om konsesjonsfritak og alle konsesjonsvedtak som er fatta, må vera registrerte i matrikkelen innan fredag 15. desember klokka 18:00.

Dersom innbyggjarar/eigedomsmeklarar sender inn eigenfråsegn om konsesjonsfritak i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024, må dei ta kontakt med kommunen for å avklara innsendinga til Kartverket.

Ta kontakt med kommunen ved oppmålingskontoret eller felles landbrukskontor dersom de planlegg å tinglysa skøyte/ heimelsovergang i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024.