HjemAktueltNyheiterOppdatering på tiltak mot smitte på Fedje

Oppdatering på tiltak mot smitte på Fedje

Kjære alle som bur på Fedje.

Vi skal fortsette arbeidet som skal føre til at vi får så få sjuke som mogleg, og helst ikkje nokon eldre. Saman skal vi få det til.

-Vask eller sprit hendene ofte

-Hald avstand på 1 meter, og ein skal ikkje handhelse eller gi ein god klem i desse tider

-Host i papirlommetørkle

-Ikkje ver saman i grupper på meir enn fem personar utanom nær familie. Vi vil rå til at ein ikkje har fest med alkohol og fleire samla

-Karantene i 14 dagar etter heimkomst frå utlandet eller nærkontakt med koronasmitta. Gjer som karantenereglane seier

-Kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet er forbode både innandørs og utandørs

-Skal ein spisestad servere mat, skal det vere minst ein meter mellom kvar gjest. Det er ikkje lovleg å nytta buffet

-Helsepersonell har ikkje lov å reise til utlandet, førebels ut april

-Kjem ein båt til Fedje med tilsette eller passasjerar frå andre land, skal dei i 14 dagar karantene før dei får ferdast på Fedje. Dei kan nektast landlov

-Barnehage, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, universitet og andre skular er stengte

-Symjehall og treningshall er stengt

-Frisør, vanleg fysioterapi, fotterapi, massasje, kroppspleie, yoga, vanleg tannlegeteneste er stengt

-Opphald på fritidsbustad/hytte er ikkje lovleg

-Ikkje gå på besøk til dei som er over 65 år. Ta heller ein telefonsamtale eller skype

-Det er tilkomstkontroll ved sjukeheimen, og vi vil at ein i denne tida ikkje skal gå på besøk til pasientane. Vi prøve å få til bilete-overføring.

-Ikkje reise over fjorden utan at du har eit naudsynt ærend eller arbeid

-Skal du over fjorden med ferja, så bli sittande i bilen på overfarten

-Nytt spritvask og eventuelt hanskar når du er på butikken

-Arbeider du i helse og omsorgstenesta og du får teikn til forkjøling, skal du vere heime til du blir bra + ein dag. Varer det meir enn to dagar, ta kontakt med legen 56 16 40 31

-Får du feber, hoste eller tung pust, ring til legen, 56 16 40 31

 

Helsing

Ernst Horgen

Kommuneoverlege

 


Sist oppdatert: 25.03.2020
Publisert: 25.03.2020