HjemAktueltNyheiterMellombels bruksendring frå fritidsbustad til bustad for å få straumstøtte

Mellombels bruksendring frå fritidsbustad til bustad for å få straumstøtte

Fedje kommune har registrert at fastbuande som bur fast i godkjent fritidsbustad, ønsker å få registrert fritidsbustaden som bustad. Å endre fritidsbustad til bustad krev søknad om bruksendring og må mellom anna, vurderast opp mot arealdelen til kommuneplanen.


Fedje kommune opnar for at dei som bur i fritidsbustad og er folkeregistrert i kommunen, kan søke om mellombels bruksendring for inntil 5 år.  For dei som leiger fritidsbustad må eigar av bustaden søkje. Dersom fritidsbustaden ikkje stetter dei tekniske krava eller arealplanføremålet i kommuneplanen, kan det søkjast om dispensasjon.


Søknad om bruksendring skjer på skjemaet «Søknad om løyve til tiltak» som finnes på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet. Følgande tilleggsopplysningar må leggjast ved søknaden:

- Kopi av vedtaket då fritidsbustaden vart godkjent
- Kopi av folkeregistert adresse i Fedje kommune (den som bur på eigedomen)
- Bustaden må være knytt til offentleg renovasjon
- Søknad om dispensasjon dersom det er naudsynt i forhold til plankrav

Desse søknadane er gebyrfrie. Det er ingen frist for å søkje.

Dersom nokon vil flytte til Fedje kommune og ønskjer å søkjaom bruksendring frå fritidsbustad til bustad kan dei søkje om mellombels bruksløyve for inntil 5 år.


Når kommunen gir løyve til bruksendring pådreg kommunen seg ansvar som kommunen må vera trygg på at me kan ivareta. Fritidsbustaden må vera tilknytt det kommunale renovasjonssystemet for bustadar, ha godkjend vatn og avlaup og den som søkjer må være folkeregistrert på adressa til bustaden (flytting må meldast til Folkeregisteret). Dersom fritidsbustaden ikkje stetter dei tekniske krava eller arealplanføremålet i kommuneplanen, kan det søkjast om dispensasjon.

Desse søknadane er gebyrfrie. Det er ingen frist for å søkje.

 

For meir informasjon kontakt: Jan Torry Sande, tlf 913 48 475, e -post jan.torry.jenset.sande@fedje.kommune.no


Sist oppdatert: 21.12.2022
Publisert: 21.12.2022