HjemAktueltNyheiterInformasjon om overgang til nytt sakssystem

Informasjon om overgang til nytt sakssystem

I samband med overgang til nytt saksystem må ein rekne med forseinkingar i: 

  • Publisering og oppdatering av offentleg journal/postliste 
  • Saksbehandlingstid og fristar 
  • Svartid på spørsmål og andre førespurnadar 

Kommunen vil tilstrebe å bli ajour så snart som mogeleg. Me ber dykk om å ta kontakt med kommunen direkte dersom de ønskjer innsyn i saker under denne overgangsfasen. 

 

EByggesak 

Som ein del av det nye saksystemet vil kommunane få tilgang til eByggesak. Dette er eit system som er laga for å ta imot dei elektroniske byggesøknadane som kjem frå leverandørar som til dømes ebyggesok.no, byggesoknaden.no eller Holte Byggsøk. Fordelane med at kommunane no får tilgang til eByggesak er mange. Når kommunen mottek ein byggesøknad via ei digital løysing så vil all relevant informasjon automatisk bli lagt inn i eByggesak. Sakshandsamar slepp å bruke tid på å overføre informasjon frå søknadar som kjem på e-post, og dette frigjer arbeidskapasitet og reduserer risikoen for feil. I tillegg gjev eByggesak betre rettleiing under sakshandsamingsprosessen, noko som vil betre kvaliteten og effektiviteten på sakshandsaminga.  

Me er trygge på at sakshandsamingstida på byggesøknader vil gå ned som eit resultat av det nye systemet. I ein overgangsperiode kan det likevel skje uføresette hendingar som gjer at sakshandsaminga vil ta lenger tid, eller at prosessar vert endra. Me vil jobbe for at dette ikkje får negative konsekvensar for dei som søker.  


Sist oppdatert: 10.11.2023
Publisert: 10.11.2023