HjemAktueltNyheiterFedjemusikalen

Fedjemusikalen

Elisabeth og Monica skal setje opp Fedjemusikalen til våren 2024 og vil ha DEG med! Vi ynskjer folk i alle aldrar og med ulike talent. Sangstemme, humor, skodespel eller kanskje har du lyst å utfordre deg sjølv.

I denne forbindelse ynskjer Fedje Kulturskule å tilby undervisning med Monica og Elisabeth fram mot Fedjemusikalen vår 2024.
Tilbodet er med forbehold om at mange nok melder seg på, og at me får økonomiske midlar til dette. Vi ynskjer å sjå kor mange som er interesserte, difor kan alle som vil delta melda seg på påmeldingsskjema til Kulturskulen på kommunens nettside.


Frist for påmelding er 10.august.


Vi tenkjer at dei som ynskjer det, deltar på musikalundervisning på jamnleg basis. Då er prisen kr.1400 per semester. Andre kan kanskje vere med annankvar gong, eller av og til, då er prisen kr 700 eller lavare. Vi vil gjerne også ha med deg som har flytta frå Fedje, eller av andre grunnar berre kan vera med instruktørane av og til, då er det sjølvsagt til lavare pris eller gratis. Vi håpar at så mange som mogleg vil vera med på Musikalen om Fedjes historie og kultur frå 1960 fram til i dag! Ein treng sjølvsagt ikkje melda seg inn i Kulturskulen og delta på undervisning for å vera med i Fedjemusikalen.


Uansett, så er det INGEN øvre aldersgrense!


VI VIL HA DEG MED!!! Det einaste som tel er at du har lyst til å vera med!


Vi gleder oss til å bli kjent med deg!!


Sist oppdatert: 28.06.2023
Publisert: 28.06.2023