HjemAktueltNyheiterBygdevekstavtalen

Bygdevekstavtalen

Fedje kommune blir "pilot" i bygdevekstavtalen
Publisert: 09.01.2024
Sist endra: 09.01.2024
I dag kom den gledelege nyheita om at Fedje kommune, saman med Solund i Vestland blir «pilot» i bygdevekstavtalen, ein avtale som har som mål å snu trenden med fråflytting frå dei minst sentrale distriktskommunane.
Regjeringa har avsett 50 millionar kroner ekstra til bygdevekstavtalar i statsbudsjettet for i år og etter dagens tildelingar er 35 av kommunane i landet med i ordninga. Håpet er at dette skal bidra til å auka busetjing og næringsverksemd i kommunar der det ordinære verkemiddelapparatet ikkje er tilstrekkeleg for å snu utviklinga.
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) påpeika til NRK viktigheita av å lytta til lokalbefolkingen – Om me skal løysa utfordringane knytt til busetjing, næringsutvikling og mangel på arbeidsfolk, finn me dei beste løysingane om me lyttar til dei som har skoa på, sa han på den offisielle tildelinga i dag.Ordfører Herøy, minister Sande og ordfører Åmdal Mongstad
Her med ordførar på Fedje Stian Herøy (H) og Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp). – Me ser fram til eit spennande prosjekt, avslutter Rolf Martin Raknes som saman med Herøy representerte Fedje på tildelinga.