HeimRådmann

Rådmann

Vår nye rådmann er ein engasjert og inspirerande leiar med sterk integritet og eit hjarte for Fedje-miljøet!
Publisert: 19.02.2019
Sist endra: 20.02.2019

Me søkjer etter ein ny rådmann i Fedje kommune, og er på jakt etter ein framsynsretta administrasjonsjef som målretta og strukturert skal bidra til vidareutvikling av Fedje kommune. Som øvste administrative leiar er det avgjerande at du er trygg i leiarrolla di og har fokus på samarbeid med politisk leiing, tilsette og kommunen sine innbyggjarar.

 

 Sentrale oppgåver og ansvar:

-Overordna adm. leiing av kommunen

-Sikra god målstyring, gjennomføring og resultatoppfølging av planprosessar.

-Økonomistyring og rapportering

-Sakshandsaming og oppfølging av politiske vedtak.

-Etablera og utvikla nettverk mot td. næringsliv, interesseforeiningar, kommunar og andre offentlege organ.

 

Som bindeledd mellom det politiske og administrative systemet, er du ein sentral bidragsytar til realisering av politiske mål og eit best mogleg tenestetilbod for kommunen sine innbyggjarar.

I arbeidsgivarrolla er det viktig at du, gjennom inkluderande og tydeleg leiarskap kan byggja og vidareutvikla ein god organisasjonskultur.

 

Ønskt kompetanse:

-Høgare relevant utdanning.

-Relevant leiarerfaring.

-God kjennskap til, og helst erfaring frå offentleg/kommunal forvaltning.

-Nødvendig kompetanse til å ha ansvar for overordna økonomistyring.

 

I tillegg til formell utdanning og erfaring vil det vera nyttig at du har kunnskap om det å bu i distriktet, og at du har forståing for både føremoner og utfordringar knytt til det å vera ein liten distriktskommune.

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt i tilsettinga, og me ønskjer ein rådmann som:

-kan lytta og kommunisera godt

-er beslutningsdyktig og handlekraftig

-er løysingsorientert

-er ein støttespelar som vektlegg relasjonsbygging

 

Me ønskjer at kompetansen og dei personlege eigenskapane dine kjem til uttrykk gjennom ein leiarstil som både er tydeleg og samlande. Ein leiarstil som vektlegg involvering, tillit og ønskje om å gjera kommunen sine dyktige medarbeidarar enno betre. 

 

Me kan tilby:

-Fast tilsetting i ein sentral leiarstilling med varierte og spanande arbeidsoppgåver

-Kompetente og engasjerte medarbeidarar

-Konkurransedyktig løn og pensjonsordning i KLP

-Hjelp til å skaffa bustad

-Flyttegodtgjerdsle

 

For spørsmål om stillinga ta kontakt med:

Ordførar Stian Herøy, tlf.: 56 16 51 12/994 31 520,   e-post: Stian.Heroy@fedje.kommune.no

Rådmann Nils Moldøen, tlf.: 56 16 51 06/911 07 377, e-post: nils.moldoen@fedje.kommune.no

 

Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader handsamast konfidensielt.  I medhald av offentlighetslova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta oppført på søkjarlista. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.

 

Søknad med CV sendast postmottak@fedje.kommune.no snarast og innan 20.03.19.

 

Sjå filmen om Fedje: