SMS-varsel

Fedje kommune har teke i bruk varsling til innbyggarane med SMS-meldingar. Dei som ikkje har mobiltelefon, vil få talemelding på fasttelefonen.

Dette vil vi nytte mellom anna når vi må gjera arbeid på vassleidningsnettet.

Alle som er folkeregistrert  i kommunen vil få varsel. Dei som eig fritidsbustader vil og få varsel, men for fritidsbustadane kan vi ikkje garantere at alle får.

Dersom du ikkje mottek varsel,  kan du ta kontakt med kommunen.


Sist oppdatert: 31.10.2018
Publisert: 31.10.2018