HjemVeg, vatn, tekniske tenesteFeiing, brann og tilsyn

Feiing, brann og tilsyn

Tilsyn

Feiaren sine oppgåver er no delte mellom tradisjonell feiing av skorsteinar og tilsyn med fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar.

Det brannførebyggande arbeidet skal prioriterast høgt.

Tilsyn med bustadar er ei lovpålagt oppgåve for det lokale brannvernet. Dette arbeidet er svært viktig, fordi dei fleste brannane oppstår i heimane.

 

Feiing

Skorsteinen vil bli feia/kontrollert etter behov, minimum annakvart år. Ein må her basere seg på erfaringar frå tidlegare feiingar og fyringsmønster. Det er brannsjefen, etter råd frå feiaren, som fastset feiefrekvensen for dei einskilde skorsteinane.

Heile fyringsanlegget blir kontrollert kvart fjerde år. Dette gjeld alle slags eldstadar, enten dei er fyrte med ved, olje eller gass. Særskilte fyrrom for sentralfyr vert også kontrollerte i høve til føresegnene. Skorsteinen vert inspisert med spesialkamera dersom det er mistanke om feil eller manglar som kan oppstå til dømes ved ein pipebrann.

Fedje kommune kjøper feiertenester av Vestnorske feiertjenester. Dei kan du nå på tlf. 413 38 085.

 

Bålbrenning

I tida 15.april til 15.september er det forbode å gjere opp eld nær skogmark utan løyve. Du kan likevel brenne bål i forbodstida, dersom du er heilt sikker på at det ikkje er brannfare. Til dømes om marka er snødekt.


Sist oppdatert: 02.01.2022
Publisert: 07.06.2018