Boss

NGIR og gjenvinningsstasjonar

NGIR tar hand om avfall for hushald og verksemder i Fedje kommune.

Du kan nytta gjenvinningsstasjonane til å levera avfall som ikkje går i hus- eller hyttedunkane dine. Klede kan du levere i eigne konteinarar, og brukbare ting kan du blant anna gi til gjenbruksbutikken KIM. Bilvrak og bildekk kan berre leverast i Kjevikdalen i spesifikke opningstider. 

 

Klikk her for å komme til oversikt over NGIR sine gjenvinningsstasjonar, og kva avfall dei tek imot

 

  • På Fedje har me container for glass og metall utanfor Matkroken, og utanfor venterommet på fergekaien. 
  • Greiner og avkappa tre frå hagen kan leverast i Flyndrevågen. Nøkkel kan du hente på sørvistorget. 

 

 

Mobil gjennvinningsstasjon

 

Neste dato for mellombels avfallsmottak på Fedje er 1. april 2023. 

For å nytte tenesta må ein ha med NGIR-kortet eller miljøID-appen ved besøk.

 

På mellombels avfallsmottak kan du levere:

 

  • Restavfall
  • Plastemballasje
  • Papir, papp og drikkekartong
  • Svartelista planter (i pose/sekk)
  • Metallskrap
  • Møblar
  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall.
  • Trevyrke/trykkimpregnert trevyrke (maks 1 m3 på palle)
  • Farleg avfall, til dømes batteri, bensin, olje (på kanne), måling, sprayboksar, asbest og vindauge.
  • Gips og glava (maks 1 m3 på palle)

Klikk her for meir informasjon om ordninga og kva ein kan/ikkje kan levere

 

NGIR held mellombels avfallsmottak to gangar årleg, høst og vår. Datoar vert annonsert i vekene før.


Sist oppdatert: 25.10.2022
Publisert: 07.06.2018