Skulestart

Innskriving i skulen

Innskriving i skulen

Innskriving i skulen skjer vanlegvis i april/mai kvart år. Barn som skal byrje i 1. klasse vert invitert til innskriving saman med info om tid og stad for oppmøte. Dersom ein nylig har flytta til Fedje, meld gjerne ifrå til skulen om at ditt barn skal skrivast inn i skulen. 

Alle born har rett og plikt til opplæring frå det kalenderåret dei fyller seks år. Skulen vil og gjerne gjere dykk merksam på at det er mogeleg å søkje om utsett skulestart, eller om tidleg skulestart.

 

Skulerute 

Klikk her for å laste ned skulerute for 2023-2024

 

Slik søkjer du om tidleg skulestart

For at ditt barn skal få byrje på skulen eitt år tidlegare må barnet vere fylt 5 år innan 1. april. Dette må du søkje om samtykke til.

Slik går du fram:

  1. Be om ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Denne tenesta kjøper Fedje kommune frå PPT i Austrheim kommune.
  2. For å få tak i PPT, ring servicekontoret i Austrheim kommune på tlf. 56 16 20 00, eller send e-post til post@austrheim.kommune.no NB! Ikkje del sensitive opplysningar om barnet ditt på e-post. Det er nok at du ber om ei sakkunnig vurdering og fortel kven du er og korleis PPT kan nå deg.
  3. Dersom PPT vurderer at barnet ditt har kome langt nok i utviklinga til å starte på skulen tidleg, sender du vurderinga frå PPT og ein søknad til rektor. Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev.
  4. Rektor skal uttale seg om saka og sende ho vidare til endeleg avgjerd hos kommunedirektøren.

 

Slik søkjer du om utsett skulestart

Om du meiner at barnet ditt har behov for utsett skolestart, gjer du slik for å søkje om utsett skulestart:

  1. Be om ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
  2. For å få tak i PPT, ring servicekontoret i Austrheim kommune på tlf. 56 16 20 00, eller send e-post til post@austrheim.kommune.no NB! Ikkje del sensitive opplysningar om barnet ditt på e-post. Det er nok at du ber om ei sakkunnig vurdering og fortel kven du er og korleis PPT kan nå deg.
  3. Dersom PPT vurderer at det er tvil om at barnet ditt har kome langt nok i utviklinga til å starte på skulen, har du rett til å be om utsett skulestart i eitt år.

    4. Lever vurderinga til rektor, saman med søknad om utsett skulestart. Vi har            ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev.

    5. Rektor skal uttale seg om saka og sende ho vidare til endeleg avgjerd hos            kommunedirektøren.

 

Første skuledag!

For dei som skal ta til i 1. klasse er  første skuledagen er ein merkedag i livet – både for bornet og familien. Mange har gleda seg lenge til denne dagen, og kanskje grua seg litt? Vi ved Fedje skule gler oss til å ta imot eit nytt kull med forventningsfulle born til hausten. Skulen samarbeider med barnehagen for å gje borna ein trygg og god overgong frå barnehagen til skulen. Ei god oppleving av skulestart er eit godt grunnlag for trivsel og læring vidare i skuleløpet. Alle elevar skal kjenne seg trygge og velkomen på skulen.

Skulen og føresette har eit felles ansvar for at borna får ein god skulestart. Elevene skal bli høyrd, og deira oppleving av korleis dei har det på skulen skal bli tatt på alvor. Skulen skal inspirere og motivere eleven frå første dag. Vi skal hjelpe kvar elev til å strekje seg litt lenger. Nokre av borna som kjem til skulen kan allereie  lese, andre kan det ikkje. Lærarane skal møte eleven der han eller ho er, og sørge for daglege utfordringar og mykje læringsglede.

Om de vil øve på noko før skulestart, tenkjer vi dette er ting som er lurt å øve på:

 

  • Kle på seg sjølv og knyte skolisser
  • Klare seg sjølv på do
  • Halde orden på klea i garderoben
  • Halde orden på det som er i sekken
  • Vente på tur
  • Øve seg på å ete matpakka

 

 


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 31.03.2020