HjemSkule og utdanningOrdensreglement ved Fedje Skule

Ordensreglement ved Fedje Skule

 A       Eleven sine rettar

1.   Alle elevar skal møtast på ein venleg og tolerant måte.

2.    Alle har rett til arbeidsro

3.    Elevane i 5. – 10. klasse har lov til å gå på biblioteket i skuletida, men må seia frå om det til inspiserande lærar.

  1. Elevane i 1.-10.klasse kan ha med mobiltelefon på skulen. Telefonane vert samla inn i første time og oppbevart på lærarromma. Mobiltelefonen vert utlevert etter siste time.
  2. Nyeskulen er open for elevane frå kl. 08.30. Gamleskulen er open for alle elevane frå kl. 08.00. Alle klasseromma opnar kl. 08.20. I tida mellom 08.00 og 08.20 er det ikkje tilsyn på skulen. I dette tidsrommet og etter skuletid har ikkje skulen ansvar for elevane.
  3. Elevane i 5.- 10.kl.får vera i elevkantina i friminuttane.
  4. På nyeskulen kan elevane vera inne når veret er dårleg.
  5. Elevane på nyeskulen får lov å vera inn i friminuttet etter at dei har hatt symjing.
  6. Elevane i 5. – 10. klasse får bruka eigen sykkel, rullebrett eller skøyter i friminutta dersom dei bruker hjelm og nødvendig tilleggsutstyr og at dei aktivt unngår å koma i konflikt med andre aktivitetar.
  7. Skulen er elevane sin arena i skule-/SFO-tida og kan derfor ikkje nyttast som fritidsarena av andre når skulen er open.
  8. Skulen har ikkje erstatningsansvar for utstyr som elevar har med seg til skulen og som ikkje inngår i undervisningsopplegg.

 

B       Eleven sine plikter

1.    Ver venleg og høfleg mot alle på skulen

2.    Ser du nokon som mobbar, sei i frå til ein vaksen jfr. skulen sin plan mot mobbing

3.    Syklane skal plasserast i/ved sykkelstativa.

4.    Elevane skal bruka hjelm på sykkelturar i regi av skulen.

5.    Utesko skal setjast i skohyllene.

6.    Ytterklede skal hengja i gangen

7.    Vi tek ikkje snop med oss på skulen.

8.    Elevane skal opphalde seg på skuleområdet i skuletida.

9.    Alle pliktar å setja seg inn i branninstruksen for skulen og følgja denne når alarmen går.

10.  Ordensreglementet gjeld også på dagar med andre tilstellingar, elevkveldar eller  ekskursjonar i regi av skulen.

 

C       Reglar om åtferd

1.    Det er ikkje lov å mobba. jfr. Opplæringslova § 9a-3

2.    Det er ikkje lov å ha med eller bruka tobakk snus eller rusmiddel på skulen eller arrangement i skulen sin regi.

  1. Det er berre lov å kasta snøball mot blink i eit avgrensa område ved fotballmålet nord for ballbingen.
  2. Eleven skal vera på plassen sin i timen
  3. Eleven rekkjer opp handa når han vil seie noko
  4. Eleven tek hensyn til, og er grei mot medelevar
  5. Eleven er positiv i læringsmiljøet, er oppmerksam og høyrer etter det som vert sagt, og rettar seg etter det.
  6. Eleven har venleg og tolerant åtferd i møte med medelevar og personale.
  7. Eleven er ansvarleg i bruken av tillatne hjelpemiddel som til dømes datamaskiner.
  8. Reglar om bruk av IKT
    1. Maskinane skal nyttast slik lærar til ei kvar tid gjev løyve til
    2. Elevnamn skal ikkje fjernast frå maskina.
    3. Elevar får ikkje nytta andre elevar sin maskin utan løyve frå eleven sjølv og læraren
    4. Elevane skal ikkje lasta ned/installera program på datamaskinane
    5. Elevane skal ikkje sletta logg, programvare eller filer frå maskinane
    6. Sjølv ved korte flyttingar av maskina, skal loket leggjast heilt ned
    7. Elevar som har fått tildelt berbar maskin, får ta denne heim etter søknad frå foreldra. Dei har då ansvar for at maskina berre vert brukt av eleven til skulearbeid, og at maskina og utstyr vert med tilbake til skulen kvar dag.

 

D       Tiltak når elevar bryt reglane om deira plikter eller åtferdsreglane

  1. Munnleg/ skriftleg åtvaring
     
  2. Involvera foreldra.
     
  3. Vera på skulen før og /eller etter skuletid for samtale og/eller utføre pålagde oppgåver. Foreldra skal varslast.
  1. Nedsett karakter i åtferd
  2. Inndraging av ulovlege gjenstander
  3. Bortvising frå gruppa
  4. Mellombels eller permanent klassebyte
  5. Melde straffbare handlingar til politiet
  6. Elevar kan verta utestengde frå bruk av datautstyr for ei veke. Foreldra skal varslast.
  7. Dersom du øydelegg noko som høyrer skulen, elevane eller tilsette til, må du betala det skaden kostar avgrensa oppover til kr. 4.000,- per elev per skade.
  8.       a.   Ved brot på skulen sine reglar om bruk av mobiltelefon, vert denne forvart av rektor til eleven hentar den etter skuleslutt same dag. Foreldra skal varslast.

b.   Utstyr som elevar har med til skulen og som kan vera farleg eller forstyrrar undervisninga, kan verta forvart av lærar eller rektor til eleven hentar det etter skuleslutt same dagen.

  1. Mobbing jfr. Plan mot mobbing
  2. Bortvising jfr. Opplæringslova §2-10
    1. Elevar i 1. – 7. klasse kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Ved bortvising resten av dagen skal foreldra varslast.
    2. Elevar i 8. – 10. klasse kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar dersom dei gjer alvorlege brot, eller fleire gonger bryt reglementet.
    3. Rektor gjer vedtak om bortvising etter å ha rådført seg med læraren til eleven. Før slikt vedtak vert gjort skal en ha vurdert andre hjelpe- eller refsingstiltak.
  3. Føresette må kontaktast dersom det er elevar som ofte må visast bort frå klassen
  4. Før det vert teke avgjerd om refsing, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda

 

E        Reglar om orden

  1. Ver presis til timen og vis god arbeidsinnsats
  2. Ha med det utstyret som trengs
  3. Lever skulearbeid til avtalt tid
  4. Ha god orden på arbeidsplassen
  5. Lytt til medelevar
  6. Lytt til dei vaksne og gjer det som dei vaksne seier
  7. Delta aktivt i undervisninga
  8. Ha god framferd mot medelevar og personalet
  9. Nytta berre tillatne hjelpemiddel
  10. Ta vare på bøker og anna utstyr/inventar

 

F        Tiltak når elevar bryt reglane om orden

  1. Munnleg/ skriftleg åtvaring
  2. Involvera foreldra
  3. Vera på skulen før og /eller etter skuletid for samtale og/eller utføre pålagde oppgåver. Foreldra skal varslast.
  4. Nedsett karakter i orden

 

G       Personalet handsamar brot på skulen sine reglar slik:

  1. Den som får kjennskap til at nokon har brote ein av ordensreglane skal
    1. Registrera kva dette går ut på
    2. Forklara eleven at dette er brot på skulen sine reglar og forklare verdien av at skulen sine reglar vert følgde
    3. Gje skriftleg melding til kontaktlærar om kva som har skjedd
  2. Kontaktlærar vurderer kva som skal gjerast ut frå kva som har skjedd tidlegare med denne eleven jfr Opplæringslova §8-2
    1. Ved mindre enkelthendingar vert saka notert.
    2. Ved gjentekne hendingar vert saka notert og avslutta i møte mellom eleven og kontaktlærar. Foreldra skal orienterast.
    3. Ved grovare hendingar skal kontaktlærar ha møte med eleven før foreldra vert kalla inn til møte for å drøfta høvelege tiltak.
  3. Dersom kontaktlærar treng hjelp i dette arbeidet,  kan assisterande rektor kontaktast.
  4. I særleg vanskelege saker skal rektor koplast inn.

 


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 11.05.2022