HeimSkule og utdanningElevvurdering og fritak

Elevvurdering og fritak

Klage på standpunktkarakter

Du må klage innan 10 dagar etter at du fekk karakteren. Vg3-elevar har tilbod om "Hurtigklagefrist" på 2 dagar på standpunktkarakterar frå føringsdato. Dette gjeld karakterar som kan ha betydning for hovedopptaket for samordna opptak til høgare utdanning.

Kven kan klage?
  • Elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar.
  • Foreldre/føresette til umyndige elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar.
  • Er du under 15 år? Då må foreldra/føresette gi skriftleg samtykke.
Kva skjer når du klagar?
  • Klageinstansen vurderer om skulen har følgt gjeldande krav til karakterfastsetting.
  • Dersom klagar får medhald, vert saka sendt tilbake til skulen. Rektor og faglærer vurderer på nytt. Rektor fastset ny karakter. Avgjerda er endeleg.
  • Dersom klagar ikkje får medhald, blir karakteren ståande.
  • Klageinstansen i grunnskulen er Fylkesmannen.
  • Klageinstansen i videregående opplæring er fylkestinget eller den fylkestinge har gitt fullmakt.

Slik klagar du

  • Før du bestemmer deg for om du vil klage, bør du ta kontakt med skulen og få ei grunngjeving for karakteren din
  • Dersom du bestemmer deg for å klage:
    • skal klagen sendast skriftlig til rektor ved skulen din
    • må klagar underskrive klagen
    • må det stå i klagen kva du vil klage på

 

Fritak frå karakter

Fritak for karakter i alle fag

  • Minoritetsspråklege elevar som nettopp er kommen til Noreg
    Minoritetsspråklege elevar som begynner opplæringa i Noreg siste halvdel av opplæringsåret, er fritatt frå vurdering med karakter i fag dette skuleåret dersom foreldra ber om det. Elevane skal då ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga.
    Forskrift til opplæringsloven § 3-21
  • Elevar som er i innføringstilbod
    Ein elev i grunnskulen som har eit enkeltvedtak om særskilt språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan bli fritatt frå vurdering med karakter i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan bli fritatt frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
    Forskrift til opplæringsloven § 3-21

Fritak for karakter i eit eller fleire fag

  • Individuell opplæringsplan
    Foreldre til elevar med individuell opplæringsplan kan bestemme at eleven ikkje skal ha vurdering med karakter i eit eller fleire fag. Eleven skal då ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga.

Les meir om fritak for karakter for elevar med spesialundervisning

Forskrift til opplæringslova §3-20

Fritak for karakter i skriftleg sidemål

Ein elev kan bli fritatt for vurdering med karakter i skriftleg sidemål når han eller ho:

  • har hatt rett til særskilt språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn
  • på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon, som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
  • ikkje har gått på ungdomstrinnet i norsk grunnskule
  • For elevar som får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valgretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning også omfattar skriftleg sidemål.

Forskrift til opplæringsloven § 3-22

Fritak for karakter i kroppsøving

Ein elev kan bli fritatt for vurdering med karakter i kroppsøving dersom han eller ho

  • ikkje kan følgje undervisninga i kroppsøving og får ei tilrettelagt opplæring i faget som ikkje kan vurderast med karakter. Eleven skal då ikkje ha standpunktkarakter. 

Forskrift til opplæringsloven § 3-23

Hjelp og rettleiing

Ta kontakt med skulen ved rektor om du er usikker på om fritaksreglane kan gjelda deg/ditt barn.

Delvis fritak for KRLE

Du kan få fritak frå dei delane av undervisninga i alle fag som foreldra/føresette eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som:

  1. utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn
  2. støytande eller krenkjande
Kva undervisning får du i staden?

Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte.

Kvifor fritaksrett?

Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra/føresette sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.

Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre/føresette eller elevar opplever som problematiske. Derfor har ein fritaksrett.

Korleis be om delvis fritak

Foreldra/føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal ha fritak frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve levere skriftleg melding utan samtykke frå foreldre/føresette.

Klage om skulen ikkje godtar fritaksmeldinga

Dersom skulen ikkje godtar fritaksmeldinga, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vi bør endre vedtaket. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kva seier lova?

Heimeundervisning

Som forelder eller føresett, har du lov til å undervise barna dine heime.

Kva krev heimeundervisning av deg?
  • Du må sende ei skriftleg melding til kommunen.
  • Du må ikkje ha pedagogisk kompetanse, men evne å drive undervisninga.
  • Du kan berre undervise eigne barn. Skal du undervise andre barn, blir det rekna som skuleverksemd. Då må du ha godkjenning frå departementet.
  • Undervisninga du gir må følgje vilkåra i opplæringslova svare til undervisninga barna ville fått på ordinær grunnskule.
Kva oppfølging får du frå kommunen?

Kommunen skal føre tilsyn med heimeundervisninga. I samarbeid med deg som forelder eller føresett, kan vi kalle inn barnet ditt til særskilte prøver. Dersom du ikkje følgjer krava til heimeundervisning, kan vi krevje at barnet startar på skule.

Du må sjølv skaffe lærebøker og undervisningsmateriell, og har ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.

Meir informasjon


Sist oppdatert: 13.06.2018
Publisert: 19.04.2018