HeimPolitikk og innsynKommuneval 2019Informasjon til politiske parti

Informasjon til politiske parti

Det er mogleg å førehandsrøyste til kommunevalet og fylkestingsvalet frå 10. august 2019 til og med 6. september 2019.

Det er mogleg å førehandsrøyste frå utlandet frå 1.juli 2019

Her følgjer informasjon frå vallova:

Innleveringsfrist

Innleveringsfristen for listeforslag er 31. mars klokka 1200. 31. mars 2019 er ein sundag. Siste frist for innlevering av lister er difor sett til 01.april 2019 innan klokka 1200.

Innlevering av listeforslag

Listeforslaget vert rekna for innlevert når det er kome inn til kommunen ved kommunestyreval. Posten må vere kome fram, eller forslaget må vere levert direkte innan fristen. Med dette meinast at forslaget må være kome fysisk fram, ikkje nødvendigvis til valstyret, men til kommunen. Det er forslagsstillarane sitt ansvar å sjå til at listeforslaget er kome fram i tide.

Dersom listeforslaget blir sendt på faks eller e-post innan 1. april klokken 12.00 vil dette være innafor fristen. Men det er ein naudsynt føresetnad at liste med originale underskrifter vert sendt i posten/levert med ein gong.

Overskrift på listeforslag

Listeforslaget skal ha ei overskrift som viser kva parti forslaget kjem frå, og som ikkje kan leia til forveksling.

Registrerte parti skal bruke partiet sitt registrerte namn i listeoverskrifta. Det er ikkje løyve til å bruke eit anna namn som undertittel, heller ikkje lokalavdelinga sitt namn.

Dersom fleire registrerte parti stiller fellesliste, må alle partia sine registrerte namn være med i listeoverskrifta. Tilsvarande må det registrerte partiet sitt namn være med i listeoverskrifta når parti stiller liste saman med ei gruppe som ikkje er registrert som parti.

Kandidatene

Kor mange kandidatar skal/kan førast opp?

For valg til kommunestyre stiller valglova § 6-2 andre ledd krav om at det er oppført minst 7 kandidatnavn på lista. Oppover er det ei maksimumsgrense på like mange kandidater som det skal velgjast representantar i kretsen + eit tillegg på inntil seks kandidatnamn. På Fedje vil det sei 21 namn.

Reglane om førehandssprioritering gjeld berre ved kommunestyrevalg. Eit visst tal av dei øvste kandidatane på listeforslaget – avhengig av storleiken på kommunestyret - kan bli gitt eit  tillegg i sitt personlege stemmetal på 25 prosent av det tal stemmesetlar som lista mottek ved valet.

Høgeste tillatte tal er:
11–23 kommunestyremedlemar: inntil 4
Dei kandidatar som vert gitt eit slikt stemmetillegg, skal stå først på listeforslaget og med utheva skrift. Det at namna på desse kandidatene skal stå med utheva skrift, inneber at namna skal skrivast med feite typar, kursiv eller store bokstaver.

Valglova har ikkje avgjerder som krev at kvart kjønn er representert med en viss prosent av dei føreslegne kandidatane på den einskilde liste. Det vil sei at det ikkje er krav om kvotering ved val av medlemar verken til Stortinget, kommunestyrer eller fylkesting. Kommuneloven §§ 36, 37 og 38a har likevel bestemmelser om kjønnskvotering som gjeld ved val etter kommuneloven til formannskap, fylkesutval, faste utval med vidare.

 

Identifisering av kandidatane

Dette er regulert i valgloven § 6-1 (2) bokstav c og valgforskriften § 17.

Listeforslaga skal i tillegg innehalde kandidatane sitt førenamn, etternamn og fødselsår, jf. valgloven § 6-1 (2) bokstav c. Det er opp til forslagstillarane om dei i tillegg ønskjer å føye til kandidatane si stilling eller adresse. Det er opp til valstyret sjølv å bestemme rekkefølge med omsyn til for- og etternamn.

Listeforslaga skal ha med ei oversikt over kandidatane sin fødselsdato. Listeforslaga skal også innehalda oversikt over fødselsdato og bustadsadresse til dei som har skreve under på listeforslaget. Det ligg ein mal for listeforslag www.valg.no  under fana veiledning til utfylling av listeforslag. Der ligg og eit skjema ein kan nytta.

Underskrifter på listeforslag

For alle parti gjeld at listeforslag kan underskrivast av to styremedlemmer i partiet sin lokalavdeling i den kommunen lista gjeld.

For yttelegare opplysningar sjå www.valg.no, eller ta kontakt med oss på telefon 56165100.

Lukke til med arbeidet !

 


Sist oppdatert: 02.04.2019
Publisert: 12.02.2019