Står du i manntalet?

Det er kommune- og fylkestingsval måndag 9. september 2019. Du må stå i manntalet om du skal kunne røyste ved vala. Du kan kontrollere om du står i manntalet når manntalslistene vert lagt ut ca. 15. juli og fram til valdagen.

På Fedje kan du sjekke om du står i manntalet her:

Kommunehuset

Fedje folkebibliotek

Matkroken Fedje (spør betjeninga)

 

Du kan også ringe til kommunehuset, tlf 56165100, for å kontrollere om du står i manntalet.

 

Dersom nokon meiner at dei sjølv eller andre med urette har vorte innført eller ikkje er teken med i manntalet, kan vedkomande krevja at valstyret rettar feilen. Krav om retting av feil skal sendast til: Valstyret i Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje.

 

Har du flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30.06.17, står du framleis i den kommunen du flytta frå. Du kan då førehandsrøyste der du bur no, eller røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå.

 

Det vert førehandsrøysting på kommunehuset i perioden 10.august t.o.m. 8.september.

 

For nærare informasjon om kommune- og fylkestingsvalet 2019, sjå www.fedje.kommune.no, www.valg.no eller ta kontakt på kommunehuset.

 

 

 

Stian Herøy

Leiar i valstyret

Fedje


Sist oppdatert: 25.06.2019
Publisert: 25.06.2019