Når kan du røyste?

Kommune- og fylkestingsvalet er måndag 9.september 2019. Veljarar som ynskjer det, kan førehandsrøyste i tida 12.august – 6.september.
Publisert: 24.06.2019
Sist endra: 30.08.2019

Ta alltid med legitimasjon når du skal røyste. Det er også praktisk om du har med valkortet du har fått tilsendt.

 

Om du vil røyste på valdagen 9.september 2019, kan du gjere det mellom kl 10.00-20.00 i Fedje fleirbrukshall (Stormarkvegen 53)

 

Du kan førehandsrøyste her:

På kommunehuset

Måndag – fredag 12. aug. – 6.sept. kl. 08.30-15.00

Laurdag 24 aug. og laurdag 31.aug.  kl. 11.00-14.00

På Fedje sjukeheim

Onsdag 4.september kl. 10.00-12.00

Dersom førehandsrøysta di skal sendast til ein annan kommune, ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga når fram til det andre valstyret innan valdagen.

Om du ikkje kan møte opp i vallokalet, på sjukeheimen eller på kommunehuset på grunn av sjukdom eller fordi du er ufør, kan du be om å få førehandsrøyste heime. Fristen for å søkje om å røyste heime er onsdag 4.september 2019 kl. 12.00.

Slik søkjer du om å røyste heime:

Ring til kommunehuset på tlf 56 16 51 00 eller skriv eit brev til: Valstyret i Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje, eller send ein e-post til postmottak@fedje.kommune.no

Om du ikkje kan røyste valdagen eller under førehandsrøystinga, kan du tidlegrøyste i perioden 1.juli – 9.august.

Vallistene er ikkje klare då, men ein får ei fellesliste, der ein kryssar av kva for parti ein ønskjer å røyste på.

Om du treng å tidlegrøyste, ta kontakt med kommunen for å gjere avtale om når:

Fedje kommune, tlf 56165100      
postmottak@fedje.kommune.no

Ta med legitimasjon.
Godt val!