Høyringar
Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland – 2. gongs høyring
Planforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no til 2. gongs høyring med høyringsfrist 10. mai 2023.
Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap utarbeidd eit forslag til interkommunal plan for sjøareala i kommunane, jf. plan og bygningslova (pbl.) §§9-1, 9-2 og 9-3. Det interkommunale planutvalet (IKPU) har fått mynde til å sende planen ut på høyring og offentleg ettersyn. Planen bygger på rammene i planprogrammet som vart vedteke av IKPU juni 2021 og det som var på 1. gongs høyring.
Planområdet omfattar sjøareala i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Planområdet gjeld berre sjøområda. Det vil seie frå flomålet i elveosar, vassflata, vassøyla ned og sjølve sjøbotn. Avgrensing ut i sjø er 1 nautisk mil utanfor grunnlinja og etter rammene elles i hamne- og farvannslova.
Dette er ein arealplan for sjøareala over kommunegrensene og skal sikre langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.
Trykk her for å lese forslaget til arealplan for sjøareala Region Nordhordland:
Alle innbyggjarar, næringsaktørar, frivillige lag og organisasjonar og offentlege mynde kan sende inn merknad til planforslaget. Det kan gjelde forslaget til arealplan og føresegnene til arealplanen.
Alle innspel skal merkast - «Høyring Interkommunal plan sjøareal» (emnefeltet i epost) – og sendast til post@regionnordhordland.no
eller som brev til
Region Nordhordland IKS, Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø