HjemPlan, bygg og eigedomKjøp tomt i Torvhaugane!

Kjøp tomt i Torvhaugane!

 Bildegalleri

Bustadfeltet og tomtene

Bustadfeltet ligg flott til på Vestkanten, eitt steinkast eller fire frå Dansevågen. Her kan ein både leva tett på naturen, samstundes som ein kan leva livet som landsbybuar. Området er barnevennleg og kan by på opplevingar i fjæra, i lyngheiane og på leikeplassen som vert laga til inne i bustadfeltet. Med båt i småbåthamna som etter kvart kjem på plass, er vegen kort til fiske og krabbefangst og øyriket nordom Fedje.

No har du moglegheita til å kjøpa tomt i Torvhaugane bustadfelt. Frist for å melda seg til først tildeling gjekk ut 4/11-2015. Etter den første tildelinga gjeld prinsippet "førstemann til mølla".

Tomtene i Torvhaugane har ein storleik på kring 1 - 1,3 mål (1000-1300 m2), og er ferdig opparbeida med veg, vatn og kloakk. Dei fleste av tomtene er store nok til at det er plass til to bustader. Det er mogleg å kjøpa ein halv tomt.

Pris per tomt er kr 656.000,- kronar. Vert ein tomt delt i to, vert prisen halvert. I tillegg betalar kjøpar 30,- kr per m2 råtomt, samt tilknytingsavgift for vatn og kloakk, tinglysingsgebyr og dokumentavgift. Ved kjøp etter 1. januar 2016 vert tomteprisen justert etter konsumprisindeksen.

 

Båtplass

Kjøp av tomt gir rett til båtplass i ei småbåthamn som vert bygd for bustadfeltet. Pris for båtplass er ikkje inkludert i tomteprisen. Du betalar for den breidda du treng i flytebryggja (maks 3 meter). Førebels estimert pris er 20.000 kr per meter breidde, noko som tyder 50.000 - 60.000 kr for ein standard båtplass. Endeleg pris vert fastsett når kostnadane med bygginga av bryggjeanlegget vert kjende.
Fullstendige vilkår for kjøp finn du her.

I møte i Fedje kommunestyre 8. oktober 2015 (i sak 059/15) vart vilkåra for sal av tomter og båtplassar i Torvhaugane bustadfelt vedtatt. Følgjande vilkår er gjeldande:

Tomter

1. Kjøpar betalar 30,- kr pr m2 for råtomt.
2. Kjøpar betalar tilknytningsavgift for vatn og kloakk etter dei reglar som gjeld på tidspunkt for kjøp.
3. Kjøpar betalar 656.000,- kr for opparbeiding av veg, vatn og kloakk. Summen vert justert i samsvar med konsumprisindeksen ved sal etter 1. januar 2016. Grunnlag : indekstal for januar 2016.
4. Kjøpar betalar gebyr for tinglysing av skøyte. Fedje kommune betalar for oppmåling.
5. Kommunen vil selja tomta med rett til å kjøpa ho attende dersom sjølve tomta ikkje er teken i bruk to år etter at kjøpekontrakten er underskriven. Kjøpesummen er då den same som kommunen selde for.
6. Om ei tomt vert delt i to, vert prisen 50%.

 Båtplassar:

1. Saman med tomt følgjer det med rett til ein plass i flytebrygge med maks bredde lik 3,0 meter.
2. Kjøpar betalar 33.000,- kr + 12.000 kr pr meter breidde for denne retten.
3. Kjøpar betalar for brygga når den er ferdig opparbeidd.
4. Om kjøpar ikkje vil betala og ta i bruk retten sin når når brygga er ferdig opparbeidd, vert kjøpesummen justert i samsvar med konsumprisindeksen fram til overtakingstidspunkt.
5. Kjøpar kan ikkje selja retten til plass i flytebrygga utan å selja hustomta.
6. Årleg leiga : 2.000,- kr
7. Kjøper er forplikta til å vera medlem i eit sameige for brygga. Sameige vert oppretta når private eig meir enn halvparten av båtplassane.


Er du under 35 år eller har barn under 16 år?

Då kan du, om du er eller vert busett på Fedje, søkja tilskot når du kjøper tomt i bustadfeltet. Med tilskotet får du halvparten av tomteprisen tilbakebetalt over fem år. Tilskotet føreset at du byggjer bustad og bur på tomta.

Meir om vilkår for tilskot finn du her.

I møte i Fedje kommunestyre 8. oktober 2015 (i sak 060/15) vart vilkåra for tilskot til tomtekjøparar i Torvhaugane bustadfelt vedtatt. Følgjande vilkår er gjeldande:

1. Søkjar må vera registrert busett på Fedje.
2. Søkjar må vera yngre enn 35 år på det tidspunkt kjøpekontrakt med kommunen vert underskrive.
3. Dersom søkjaren er eit par, kan ein av søkjarane vera eldre enn 35 år.
4. Om søkjaren er eldre enn 35 år, får søkjaren likevel tilskot dersom han/ho har barn eller har forsørgeransvar for barn som er yngre enn 16 år på på det tidspunkt kjøpekontrakt med kommunen vert underskrive.


Dei som oppfyller vilkåra for tilskot må betala same pris som andre for tomta, men 50% av kjøpesummen vert sett av på eigen konto i kommunerekneskapen. Kjøpesummen er summen slik denne står på skøytet på tomta. Summen vert utbetalt som eit tilskot til kjøpar i 5 like delar. Første utbetaling vert eit år etter at skøytet er tinglyst og tomta betalt. Andre utbetaling vert to år etter at skøytet er tinglyst osb. Kommunen får rentene på tilskot som ikkje er utbetalt.


Ved andre utbetaling av tilskot må igangsettingsløyve til å bygga bustad på tomta vera godkjent av kommunen. Ved tredje og seinare utbetaling av tilskot, må søkjar bu i bustad på tomta for å få tilskot. Dersom eit av desse vilkåra ikkje vert oppfylt, vert tilskotet likevel utbetalt når vilkåret er oppfylt. Dersom søkjar ikkje bur i bustad på tomta 4 år ettar at skøytet er tinglyst og tomta betalt, fell heile tilskotet bort og kommunen vil krevja utbetalt tilskot attende.


Mottakar av tilskot må vera registrert busett på Fedje på utbetalingstidspunkt.


Dersom bustaden vert selt, fell ikkje utbetalt tilskot bort. Kommunen krev ikkje at utbetalt tilskot vert betalt attende til kommunen dersom bustaden vert selt. Som salstidspunkt gjeld tinglysingsdato for skøyte på ny eigar.


Interessert i å kjøpa tomt eller treng meir informasjon?

Send brev eller e-post til Fedje kommune og sei kva tomt du ønskjer. Kartet ovanfor synar dei ulike tomtene, nummererte frå 1 til 10. Trykk på kartet for å forstørra det.

Adresse: Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 FEDJE

E-post: postmottak@fedje.kommune.no

 

 


Sist oppdatert: 15.02.2023
Publisert: 01.06.2018