HeimPlan, bygg og eigedomStartlån, tilskot og bustønad

Startlån, tilskot og bustønad

Bustadkontor

I Fedje kommune er det økonomisjefen som er bustadkontor. Dette er Bjarte Villanger med kontoradresse i 3. etasje på kommunehuset.
Tlf: 56 16 51 04, e-post: bjarte.villanger@fedje.kommune.no

Alle førespurnadar angåande startlån, bustønad og tilskot til bustadtilpassing/ombygging av bustad på grunn av funksjonsnedsetting o.l kan rettast til han.

Startlån og tilskot

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som ikkje har moglegheit til å spare. Dette gjeldt både kjøp av ny bustad, refinansiering med pant i eigen bustad, kjøpe ut tidlegare sambuar/ektefelle og tilpassing/utbetring av bustad t.d. til livsløpstandard. Søknad om startlån eller tilskot vert sendt til kommunen du bur i, men du søkjer via søknadsskjema hjå husbanken:

Søk startlån og tilskot

Bustønad/bustøtte

Føremålet med den statlege bustønaden er å sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som handsamar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar. Søknadsskjema ligg på Husbanken sine nettsider:

Søk bustønad 

Husbanken og kommunen samarbeider om bostøtteordningen. Husbanken fatter vedtakene, men det er kommunen som behandler søknadene og har all kontakt med deg som søker.

Regelverk


Sist oppdatert: 25.02.2020
Publisert: 01.06.2018