HeimPlan, bygg og eiendomKommunale utleigebustader

Kommunale utleigebustader

Tildelingsreglement for kommunale utleigebustader:

1. Ingen har rett på kommunal utleigebustad. Tildeling av slik bustad vert gjort etter følgjande kriterium:

  • Kommunale arbeidstakarar som kommunen har behov for å skaffe bustad til.
  • Folketalsrekruttering/næringsliv.
  • Sosiale kriterium.
  • Sosialkontoret kan krevje at neste ledige bustad vert leigd ut til nokon som kommunen er lovpålagt å skaffe husvære til. Dette kjem då framfor andre tildelingskriterium.

2. Rådmannen tek avgjerd om tildeling av bustad etter ei heilskapsvurdering av noverande bustadtilhøve, talet på familiemedlemmer, søkjaren si tenestetid osv.
Administrasjonsutvalet, kommunal sektor er i følgje delegasjonsreglementet klageorgan for tildelingsvedtak, med vanleg klagefrist for enkeltvedtak.

3. Husleiga må betalast til fastsett tid. Husleigekontraktar og praksis må følgje husleigelova.
Leigetakar er pliktig til å vaske skikkeleg ut etter seg ved utflytting. Om dette ikkje vert gjort på tilfredsstillande måte, vert leigetakar fakturert for arbeidet.

4. Husleigene vert vurdert av kommunestyret kvart år og iverksett innan gjeldande fristar.

5. Reglar for avhending av kommunale bustader:

Kommunestyret har stoppa sal av kommunale bustader

Prisliste husleiger 2018

Husleiger i kommunale bustader 2018


Sist oppdatert: 02.11.2018
Publisert: 01.06.2018