HeimAndre tenesterBorgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Korleis går du fram?

Før du tar kontakt med kommunen, må du fylle ut og sende skjema som du finn her

Når skjema er sendt inn, får du tilsendt ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader

Når de har fått denne attesten, kan de kontakte kommunen for å gjere avtale om vigsel.

Attesten må sendast/leverast til kommunen i original utgåve. Du kan sende, eller levere denne til

Fedje kommune

Stormarkvegen 49

5947 Fedje.

De må legitimere dykk med t.d. pass, bankkort eller førarkort. I tillegg må de leggje fram eventuelt opphaldsløyve, dersom det er aktuelt.

Kven kan vie deg?

I Fedje kommune er det ein av desse tre personane som kan vie deg:

  • Ordførar Stian Herøy
  • Varaordførar Roy Asle Tungland
  • Konstituert rådmann Øyvind Tolleshaug

Vi tilbyr vigsel mellom kl. 9. og kl. 14 på kvardagar. I tillegg kan vi gjere avtale om enkelte laurdagar og eventuelt helligdagar.

Stad for vigsel

Dersom du nyttar det sosiale rommet i Fleirbrukshallen, er vigselen gratis. Skal vigselen føregå på andre stader i kommunen, må du betale ekstra kostnadar, til dømes transport. Andre stader kan vere ute eller i eit anna lokale. Viss det er vèr og høve til det, kan du t.d. nytta Hellisøy fyr.

Dette må du merke deg

  • Fyll ut dei skjema som du må på skatteetaten.no.
  • Prøvingsattesten du får frå skatteetaten.no, er gyldig i fire månader. Attesten må vere gyldig på bryllaupsdagen.
  • Du må levere/sende den originale attesten til kommunen, ikkje ein kopi.
  • Når du har fått attesten, tar du kontakt med kommunen for å avtale dato og kven som kan vie deg.

Lukke til med denne viktige avgjerda det er å gifte seg. Vi skal gjere alt vi kan for at dagen skal bli verdig og minnerik for dykk.  


Sist oppdatert: 22.11.2018
Publisert: 11.06.2018