Fritidstilbod

Generelle fasilitetar

Ballbingen

Ballbingen ligg på plassen ved Fedje skule. Her er det ikkje lagtopp til faste treningar, og ballbingen fungerer derfor som ei open "løkke" etter skuletid som alle kan nytte etter eige ønske. Her er det og lys, og det er difor mogleg å nytte ballingen på kveldstid. 

 

Fedje idrettsplass

Fedje Idrettsplass er ei fotballbane som ligg mellom Husøyna og Rognsvågen. Fedje Idrettslag nytter bana til både fotballtreningar og heimekamper, som kan sjåast frå bana si tribune. 

Bana er open for alle som ønskjer å nytta den, og den har blombelysning nom kan nyttast når det er mørkt. 

Sommaren 2013 vart det lagt eit kunstgrasdekke på den tidlegare grusbana. Bana er difor godt oppdatert, og i god stand. 

 

Fedje fleirbrukshall

Fleirbrukshallen samlar mange ulike aktivitetar og arrangement gjennom året. Den er hyppig i bruk av skulen og barnehagen og det er fleire tilbod innan gruppetrening, idrett og fysisk aktivitet med tilhald her.

Hallen har fleire rom som kan nyttast til forsamlingslokale, konsertar, dansar, idrettsarrangement og liknande. Leiar for styret i hallen er kontaktperson.

Telefon: 90 66 98 31

E-post: kristin.handeland@fedje.kommune.no

 

Styrkerommet

Styrkerommet finn du inne i Fleirbrukshallen. Dette er utstyrt med manualar, treningsmaskinar og anna gym-utstyr for eigentrening og styrketrening.

Det er ingen offisiell plassbegrensing, men rommet er noko lite. Me oppfordrar difor å skrive seg opp på ei liste når ein planlegg å trene, sånn at ein har oversikt over når rommet er ledig. Oversikten finn du på ei eigen Facebookgruppe. 

Facebook-gruppa finn du ved å trykkje på denne lenkja

 

Svømmehall

Fedje sitt svømmebasseng er 12,5 meter langt, og er ellers utstyrt med garderobeanlegg, dusjar og badstove.

Bassenget er stengd for publikum i skuletida eller når det er andre faste aktivitetar der, som til dømes trimgrupper. Ellers er bassenget ope for alle som har ein nykkel. Det vil seie at du må ha nykkel for å komme deg inn i- og nytte bassenget. Du bestiller dette ved å ta kontakt med sørviskontoret på tlf: 56 16 51 00.

Leige av bassengnykkel er kr. 1000 i året, og du må og betale eit depositum er kr.1000,- ved utlevering av nykkelen på sørviskontoret. Ein må rekne med noko ventetid frå ein tingar nykkel til ein får nykkel utlevert.

Me oppfordrar alle til å bidra aktivt til å rydde opp etter seg og behandlar anlegget fint når ein nytter det. 

Badestranda

Badestranda består av ei sandstrand, brygge og flytebrygge, plattingar ein kan sole seg på, grillar ein kan nytte, samt tilgang til toalett i området. Om sommaren vert det i tillegg satt fram diverse utstyr som alle kan ta i bruk, som blant anna SUP-brett, trampoline på land og i vatn, flytande klatretårn, osv. Hugs å behandle utstyret fint sånn at det ikkje vert ødelagt. 

 

Ungdomsklubb

Ungdomsklubben har faste klubbkvelder som følger skuleåret. 

Tysdagar frå 19:00 - 22:00

Fredagar frå 19:00 - 23:00

Det vil også bli arrangert nokre klubbkvelder utenom desse faste dagane, og desse blir informert om i forkant. 

 

Aktivitetskalender for barn, unge og vaksne

Me i kommunen har laga ein aktivitetskalender der me har samla noko av aktivitetane på Fedje:

 

Trykk på biletet eller denne lenka  og du får opp kalenderen som pdf., med lenker til dei ulike aktivitetane!

I tillegg fins det eit mylder av aktivitetar innan kor, rockeklubb, bedehus, grendahus, teaterlag osv.

Har du spørsmål om aktivitetar på Fedje, eller ser noko feil på planen, kan du ta kontakt med postmottak@fedje.kommune.no eller ringe 56165100.


Sist oppdatert: 22.02.2023
Publisert: 29.10.2018