HeimKultur, fritid og turismeBygdeboka Fedje og Folket

Bygdeboka Fedje og Folket

Boka Fedje og Folket har i mange år vore fast inventar i Fedjefolket sine bokhyller, og boka er endå i flittig bruk. Me har no gleda av å fortelje at ei ny og oppdatert utgåve av Fedje og Folket er under arbeid, og det er forfattaren av boka, Arvid Skogseth, som igjen vil ta seg av arbeidet med oppdateringa.

Dersom du har spørsmål eller innspel til prosjektet, ta gjerne kontakt med han på: 

Tlf. 99532439

E-post: arviskog@online.no.

 

Ein planlegg utgjeving av den nye utgåva hausten 2022, og boka vert no digital. Ei slik digital bok kan oppdaterast jamleg i framtida, og eventuelle feil (både gamle og nye) kan sendast inn og enkelt rettast opp. Boka vil kunne bli lest fritt på internett, og alle bustader på Fedje vil verta omtala.

 

Me treng di hjelp

For å få dette til, treng me oppdatert informasjon om Fedje og Folket. Difor ber vi alle Fedjingar - både gamle og nye - om å fylle ut eit skjema kor ein kan legge inn  oppdatert informasjon. Det tar kun eit par minutt å fylle ut. Det digitale skjemaet finn du lenkje til her: 

 

Digitalt skjema for oppdatering av Fedje og Folket

 

Dersom du heller ønskjer å fylle ut skjema på papir, kan du lasta dette ned i lenkja under. Skjema på papir kan enten leverast inn på Biblioteket, eller så kan du fylle ut skjemaet i word, og sende den vidare til Arvid på epost arviskog@online.no. Du kan også hente papirskjema som er ferdig utskriven på Biblioteket. 

 

Papirskjema for utskrift 

 

Me håpar flest mogleg vil ta seg tid til å fylle ut skjema, for å sikre mest mogleg riktig informasjon til oppdateringa av Fedje og Folket. Spre gjerne ordet vidare, sånn at flest mogleg får høve til å delta. 

 

Innsending av bilete

Dersom du/de har bilete som du/de ønskjer å få med, ver venleg ta kontakt med forfattaren. Det kan gjelda bilete av familie, hus og arbeidsliv. Ved innsending av bilete gjev du/de løyve til bruk i den digitale boka.

Det er om lag 530 bilete i Fedje og Folket. I utgangspunktet vil dei òg koma med i den digitale utgåva. Unnataket kan vera bilete som nokon meiner ikkje skal vera med, gje i tilfelle beskjed til Arvid Skogseth. 

 

 


Sist oppdatert: 17.02.2022
Publisert: 31.01.2022