HeimNæring og løyveVerksemder på Fedje

Verksemder på Fedje

Fedje Landhandleri A/S

Ved ferjeleiet ligg Fedje Landhandleri, med eit spanande utval av litt av kvart, som rett og rimeleg er på eit landhandleri. Kioskvarer, is, hotdog, havfiskeredskap, jernvare, suvenirer, gåver og leikar.

Her finn du kortreist mat, samt kunst frå lokale kunstnarar som Eide Glass. Går du Nordsjøløypa kan du etter turen her få kjøpt signert diplom som eit handfast bevis på at du har gått Nordsjøløypa på Fedje.I landhandleriet finn du også Fedje turistinformasjon.

Åpningstider:

Laurdag og sundag: 12:00-15:00

I skuleferien: Alle dagar 12:00-18:00

Mobiltelefon: 909 77 203

e-post: fedjelandhadlerias@gmail.com

Facebook: Fedje Landhandleri A/S

 

 

Buksér og berging

Buksér og berging er eit stort taubåtselskap med hovudkontor i Oslo. Mannskapskontoret er lagt til Fedje.

Kontakt:

Tlf: (+47) 994 51 200

E-post: crew@bube.no

 

Byggmester Lars Svendsen

Lars Svendsen er ein lokal byggmester som utførar alt innan tømrararbeid. Det inkluderar nybygg, påbygg, rehabilitering og reparasjonar av bygningar.

Kontakt:

Tlf. 977 02 480

E-post: bm.lars.svendsen@online.no

 

Fedje Handel

Fedje handel Matkroken er den lokale daglegvarehandelen, ein matbutikk som er så mykje meir. Her finn du det du treng for stille dagar i havgapet. Butikken har miniapotek og ein hyggeleg gåve- og interiørkrok.

I eit lite samfunn som Fedje vert lokalbutikken ein av dei viktigaste møteplassane i kvardagen.


Opningstider:

Måndag - Torsdag kl. 09.00 - 18.00 
Fredag kl. 09.00 - 20.00
Laurdag kl. 09.00 - 16.00 

 

Kontakt butikken på tlf. 56164300.

Fedje Handel Matkroken er òg å finna på Facebook!

 

Fedje Taxi

Fedje Taxi er den lokale drosjetenesta på øya og er driven av Egil Waage. Drosjetenesta har to bilar - ein vanleg femsetar og ein minibuss med plass til åtte passasjerar.

Kontakt:

Tlf. 900 58 695

E-post: fedjetaxi@gmail.com

 

Kystverket - trafikksentral og losstasjon

Kystverket er ein stor arbeidsgjevar på Fedje, med både trafikksentral og losstasjon. Fedje trafikksentral (etablert 1992) overvåker sjøtrafikken og dekkjer området Hjeltefjorden til Sognesjøen - frå Herdla i sør til Sogneoksen i nord og inn Fensfjorden til Halsvikklubben i aust. Området strekkjer seg fire nautiske mil ut frå grunnlinja.

Trafikksentralen sine hovudoppgåver er knytt til oljeutskipinga frå terminalane på Sture og Mongstad. Losane vert transportert til skipa med losbåt eller med helikopter frå helikopterflyplassen på Fedje.

Kontakt:

Trafikksentralsjef: Terje Alling

Tlf: (+47) 56 16 44 20

E-post: terje.alling@kystverket.no

  

MJELSTAD VVS

Etablert rørleggerfirma med butikk og lokaler i Åsane.

Satser på Fedje som et tilleggsmarked ettersom rørlegger, Arild Mjelstad, har kjøpt seg landsted her.

 Utfører alt fra serviceoppdrag til totalentreprise baderom

  • Serviceoppdrag
  • Sanitær og varmeanlegg
  • Rehabilitering med komplette løsninger for bad og våtrom
  • Nybygg og gulvvarme
  • Vannmålere, trykk reduksjonsventiler, og vannfiltre
  • Tining av vannledninger
  • VA-anlegg

 

Arild Mjelstad

Rørlegger

E-post : arild@mjelstadvvs.no

Tlf: 41 51 17 79

 

 

MS Olavson

MS Olavson er den siste kvalskuta på Fedje som framleis er i drift. Skuta er eigd av Fedje-selskapet Landkjenning AS, som òg har utsal av kvalprodukt ved ferjekaia. Her sel dei kvalbiff og den særprega fedjekorven (beståande av 70% kvalkjøt). MS Olavson, med 370hk maskin, tek mindre slepeoppdrag, som til dømes flytebrygger og anna.

Utsalet er opent så lenge det er kvalkjøt att. Ein kan nytta den såkalla "kvaltelefonen" for bestilling av kvalprodukt: tlf. 959 05 423. Om det er utseld lyt ein venta til sesongen byrjar att i mai. Les meir på heimesida http://fedjekval.no/.

Kontakt:

Dagleg leiar: Oddvar Nilsen Husa.

Tlf. 900 92 595

E-post: h55fe@online.no

 

Samnøy Maskin AS

Samnøy Maskin AS er ei lokal entreprenørbedrift. Verksemda gjer alt i grunnarbeid, som inkluderar graving, sprenging, betongarbeid og veiarbeid, for bustadtomter såvel som naust. For å arbeida hjå Samnøy Maskin er ei utdanning i bygg- og anleggsfag særleg relevant.

Dagleg leiar er Kjell Arve Samnøy. Han kan treffast på telefon; 918 17 266, eller på e-post; ksamnoey@online.no

 

Uniko AS – sikkerhetssenteret på Fedje 

Uniko AS – sikkerhetssenteret på Fedje - vart etablert 28. oktober 2013. Fram til eigarskiftet sommaren 2013 het verksemda Fedje Sikkerhetssenter. Bak senteret står Statoil Mongstad, Frank Mohn Mongstad, Mongstadbase, Fours, PSW Group og NHIL (Nordhordland Handverk og Industrilag). Historia til verksemda på Fedje strekk seg tilbake til 1983. Framleis snakkar mange om "treningssenteret", etter det opphavlege namnet.

På Fedje arrangerar Uniko maritime og offshore-relaterte kurs, så vel som kurs i medisinsk handsaming, brann og førstehjelp. Selskapet har også kontor på Mongstad og tilbyr i tillegg ei rekkje andre lovpålagte, sertifiserte og spesialtilpassa kurs. Ta kontakt for mer informasjon!

Kontakt:

Uniko - Sikkerhetssenteret på Fedje, Skotholmevegen 22, 5947 FEDJE

Dagleg leiar: Elisabeth Wolff

Tlf: 56 16 42 50 / 90 65 18 84

 

Nettside: www.uniko.no

Facebook: https://www.facebook.com/Uniko.no


Sist oppdatert: 11.01.2022
Publisert: 13.08.2018