HeimNæring, løyverSkjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet, tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsbevilling
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap, til dømes bryllup, jubileum eller liknande
  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale uten skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område

 

Slik søkjer du:

Fyll ut skjema:

Skjenkeløyve: enkelthøve/ambulerande

 

Retningslinjer for ambulerande skjenkeløyve og løyver ved enkelthøve i Fedje kommune

1)        Fedje kommune kan tildela ambulerande løyve for skjenking av all alkoholhaldig drikk til deltakarar i slutta selskap til bruk på stader som vert godkjent for eit enkelt høve.(Alkoholloven § 4-5)

 

2)        Fedje kommune kan tildela løyve ved einskildarrangement for all alkoholhaldig drikk til deltakarar i opne arrangement, til bruk på stader som vert godkjent for eit enkelt høve. ( Alkoholloven §1-6)

 

3)        Den som søkjer ambulerande løyve eller einskildløyve må vere over 20 år.

 

4)        Tidsramma for skjenking ved ambulerande løyve eller ved einskildløyve skal samsvare med faste bevillingar i kommunen.  Dette gjeld alle typar alkohol, og gjeld både inne og uteservering.

 

5)        Løyveperioden går ut 30 september 2020.

 

6)        Søknad om ambulerande løyve eller løyve ved einskildhøve skal setjast fram skriftleg seinast 2 veker før arrangement skal finna stad.

 

7)        Tildeling av ambulerande løyve /einskildløyve er delegert til rådmannen , jfr delegeringsreglement  ( k sak 066/15)

 

8)        Ambulerande løyver/løyve for einskildhøve kan ikkje bli gitt til lag/organisasjonar når løyvehavar har arrangement der personar under 18 år deltek.

 

9)        For ambulerande skjenkeløyve er skal det for kvar gong betalast ei minsteavgift * som f.t. er  340,- . Gebyr for skjenkeløyve for einskildhøve (opne arrangement) er kr 600,-.

 

*Gebyr ved ambulerande bevilling vert ved sentral forskrift endra jamleg, og Fedje kommune føl forskrifta.

 

Vedteke i Fedje kommunestyre 22.06.2016

 

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år

Dersom søkjar ikkje skal vera ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarlig må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.


Sist oppdatert: 20.11.2018
Publisert: 13.06.2018