HeimNæring, løyverServeringsløyve for mat og drikke

Serveringsløyve for mat og drikke

Ønskjer du å starte ein stad, der du vil servere mat eller drikke? Då må du først ha eit serveringsløyve eller ein serveringsbevilling.

Korleis får du serveringsløyve?

  • Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablerarprøven for å søkje om serveringsløyve. Selskapet som eig staden får løyvet.
  • Søkjar må ha plettfri vandel.
  • Skal du overta nokon andre sitt selskap, må du søkje om ditt eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du gjorde avtale om overtaking.
  • Du må dokumentere at verksemda har skaffa nødvendige løyve frå Mattilsynet før oppstart.

Før du søkjer

Leit fram og gjer klar følgjande vedlegg:

  • stadfesta kopi av bevis som visar at styrar har stått på etablerarprøven
  • skatteattest for deg som søkjer løyve og eigarar som har ein vesentleg eigardel
  • firmaattest for deg som søkjer løyve og eigarar som har ein vesentleg eigardel
  • planteikning
  • dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved salsstaden
  • bruksløyve frå bygningsmyndigheitene
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor dersom det er fleire eigarar.

I nokre tilfelle treng vi ein leigekontrakt, ein finansieringsplan, eit driftsbudsjett og eit likviditetsbudsjett. Vi tar kontakt med deg dersom vi har behov for dette.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan 60 dagar. Behandlingstida startar når kommunen har fått all nødvendig dokumentasjon.

Kva seier lova?

Trykk her for å lese Serveringslova.

Slik klagar du

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd.

Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.


Sist oppdatert: 13.06.2018
Publisert: 13.06.2018