Salsløyve for alkohol
Informasjon til søkjar
Merk deg: sakshandsaming av søknaden byrjar fyrst når alle dokument er kome inn til kommunen jamfør tjenesteloven § 11, første ledd.
Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve.
Salsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet gjeld for maksimum fire år om gongen.
Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.
Slik søkjer du
Du fyller ut følgjande skjema:
Før du søkjer
Gjer klar følgjande vedlegg:
- Planteikningar som visar arealet og funksjonane i lokalet.
- Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
- Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
- Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
- Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
- Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
- Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.
Slik søkjer du
Du finner elektronisk skjema her
Handsaming av søknaden
Fedje kommune har kontrollutval for alkohol. Alle søknader om skjenkeløyve vert sendt til politi og helse- og omsorgsjef . Deretter vert dei handsama i formannskap og kommunestyre som avgjer om søknaden vert innvilga eller ikkje. Søknader om serveringsløyve vert sendt til politiet for uttale og plar vanlegvis å vere opp i formannskap og kommunestyret, som avgjer om søknaden vert innvilga. Det er 4 vekers handsamingstid.
Krav til deg
Vi gir bevillinga til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.
- I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og avløysar.
- Vi må ha dokumentasjon frå brannvesenet på kor mange personar du maksimalt har lov til å ha i lokalet ditt.
- Styrar og avløysar for styrar må vere over 20 år.
- Søknaden må innehalde opplysningar om at verksemda vil bli registrert i manntalet for meirverdiavgift så snart du får registreringsplikt.
- Du må dokumentere at alle tilsette er registrert i arbeidstakarregisteret og at dei har lovlege arbeidskontraktar og i enkelte kommuner også at det er teikna yrkesskadeforsikring* for alle tilsette (*dokumentasjon yrkesskadeforsikring gjeld ikkje Fedje).
- Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
- Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
- Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.
Kva seier lova?
Slik klagar du
Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Fylkesmannen som tar ei endeleg avgjerd.
Fylkesmannen behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.