HeimHelse, sosial og omsorgPsykisk helse og rusAktivitet og tilbod i Hjartebanken

Aktivitet og tilbod i Hjartebanken

NB! No i koronatiden, kan opningstidar endre seg. Følg "hjartebanken" på facebook for å sjå eventuelle endringar.

Om Hjartebanken

Hjartebankjen ligg i andre etasje i "Gamlebanken", over det gamle NAV-kontoret. Adressa er Kalvedalen 1.

Her kan du slappa av, prata med folk, snakka ein til ein om du treng det,  drikka kaffi og eta, spela spel, sjå film og TV, låna data, driva med handarbeid som strikking, hekling og å laga smykkar, teikna, laga mat, baka, og så vidare!
Ved sjukeheimen har me eit drivhus der me dyrkar blomster, tomatar, agurk og krydder.

Fysioterapeuten har aktivitetar i hallen og i bassenget.

Alle er velkomne, gamle som unge, menn som kvinner!

Me jobbar for Hjartebanken!

Miljøterapeut Anita Hatlem Villanger
kan du treffe på tlf. 56 16 51 15, epost anita.hatlem.villanger@fedje.kommune.no

Anita Duesund - Miljøarbeider

Kristin Aase - Fysioterapeut

 

Tilbod frå Hjartebanken

 

Hjarteleg velkomen til aktivitetskafé!

Aktivitetskafeen skal vere ein møteplass for vaksne og er open for alle. På denne måten ønskjer vi å leggje til rette for sosialt samvær, engasjement og aktivitet.

  • Stad: Hjartebanken, Stormarkvegen 47, 5947 Fedje
  • Opningstid: måndag og onsdag kl 10.00 – 14.00, inga påmelding!
  • Leiast av miljøarbeidar Anita Duesund, som du kan kontakta på telefon: 56 16 51 15.
  • Lunsj får du kjøpt for 50 kr. Påfyll av kaffe, te, saft eller jus er gratis.
  • Kvar 1. mandag i månaden spelar vi bingo.
  • Kvar måndag kl. 13 startar fysioterapeut Kristin Aase med turgruppa rett framfor huset vårt.
  • Vi har mykje utstyr som du kan nytta til hobby og handarbeid. 

Aktivitetskafeen skal vere ein hyggeleg og sosial stad, der vaksne i alle aldrar møtast.

Vi gler oss til å bli kjend med dykk - gjennom triveleg samvær!

 

Hjarteleg velkomen til ungdomskafé!

Ungdomskafeen skal vere ein gratis møteplass til deg frå 8. til 10. klasse. Her kan du opphalde deg saman med dine venner. Målet er å fremme sosial inkludering, deltaking, samt psykisk velvære.

  • Du har mogelegheit til å spele spel og høyre musikk
  • For 20 kr får du kjøpt varm mat
  • Du kan i tillegg kjøpe snop (sjå eiga prisliste)
  • Vi er open for dine innspel, forslag og ønskjer, men vi tar óg gjerne imot nye idear og kritikk.
  • Stad: Hjartebanken, Stormarkvegen 47, 5947 Fedje
  • Opningstid:  tysdag kl 18.30 - 21.00

Om du har spørsmål kan du ringe  56 16 51 15.

 

Hjarteleg velkomen til ope småbarnstreff!

Småbornstreff er ein gratis møteplass for deg som er heime med små born i alderen 0-6 år. Og du som snart venter born er hjarteleg velkomen. Her kan du bli kjend med andre foreldre, utveksle erfaringar eller berre vere saman med andre. Målsetjinga er å bidra til å byggje nettverk mellom vaksne og born via felles aktivitetar som leik og måltid.

  • Stad: Hjartebanken, Stormarkvegen 47, 5947 Fedje
  • Opningstid: tysdag 10.00- 12.00, inga påmelding
  • Du er sjølv ansvarleg for bornet ditt under opphaldet
  • Det er mogleg å få kjøpe lunsj, kaffe, te og juice
  • Me har vannkokar og mikrobølgeovn disponibelt, om nokon skulle ha behov for å varma noko.
  • Me har utstyr og leiker som alle kan nytta seg av, så lenge det blir rydda på plass att.
  • Me følgjer skuleruta og har stengt i skuleferiar.
  • Leiast av Anita Hatlem Villanger, som kan nåast på telefon 56 16 51 15

Småbornstreff er ein hyggeleg og sosial møteplass for både vaksne og born.

Kom saman med boret ditt! Me gler oss til å bli kjend med dykk – gjennom triveleg samvær og leik.

 

Hjarteleg velkomen til drop-inn for 4.-7.klasse!

Det vil vere tilbod kvar tysdag frå klokka 13.00-15-00.

Drop-inn er eit tilbod for born får 4. til 7. klasse

Det blir tilbod om å kjøpe mat (toast) til kr 10. ( Viss nokon ynskjer å få rekning på dette så lar det seg gjere, me sender da ut samla for heile våren).

 

Drivhuset

Vi ynskjer kontakt med deg som kan tenke deg å dyrke fram blomster og grønsaker.

Fysioterapeuten

Trening i varmt basseng måndagar kr. 20,- pr gong
Barnetrim: ca kvar 2. veke i hallen
(Sjå eige oppslag)


Sist oppdatert: 30.10.2020
Publisert: 23.08.2018