Søknadsbaserte tenester

Kva kan du søkje på?

I Fedje Kommune har me ei rekke tilbod du kan søkje på. Desse tenestene er: 

  • Praktisk bistand/heimehjelp
  • Heimesjukepleie
  • Dagopphald og dagaktivitetstilbod
  • Støttekontakt
  • Brukarstyrt assistanse (BPA)
  • Matombringing
  • Tryggleiksalarm
  • Avlasting-, korttid-, langtidsopphald i institusjon
  • Omsorgsbustad og kommunal bustad
  • Rehabilitering
  • Rus og psykisk helseteneste

 

Slik søkjer du

Me har eit felles skjema for pleie og omsorgstenester, og du krysser av for den tenesta du ønskjer å søkje på.

 

Søknadsskjema finn du her

 

Du kan og få skjema hjå Fedje sjukeheim, tlf 56165140. Du kan og få hjelp til utfylling, dersom du ønskjer det.

 

Info om nokre av tilboda

Matombringing:

Matombringing ytast til heimebuande som ikkje er i stand til å tilberede sin eigen mat. Tenesta ytast heile veka, unntatt laurdag. Du kan likevel bestille ekstra måltid ein anna dag for bruk på laurdag. Dette arbeidet vert utført av heimesjukepleie. 

 

Tryggleikssalarm:
Tryggleiksalarm skal bidra til at den enkelte føler tryggleik i eigen heim, og slik har moglegheit til fortsatt å leve og bu sjølvstendig. Tryggleiksalarmer brukar mobilt nett.

 

Velferdsteknologi:

Fedje kommune tilbyr ulike andre teknologiske løysingar som digital medisindispenser og GPS-støttede alarmer. GPS-støttede alarmer tillater deg som ynskjer sjølvstendighet og mobilitet å forlate huset når du ynskjer det og moglegheiten til å få hjelp når du treng det.

 

Omsorgsløn:
Omsorgsløn gis til omsorgsytar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid/ meirarbeid og der omsorg fra nettverket rundt hjelpetrengande anses som naudsynt.

 

Hjelpemidlar:
Hjelpemiddelkontakt har ansvaret for administrering og organisering av hjelpemidlar til heimebuande.

 


Sist oppdatert: 23.02.2024
Publisert: 18.09.2020