Heimehjelp

Formålet med tenesta                                             
  • At brukar skal kunne bu i eigen bustad
  • Å sikre brukaren praktisk bistand/opplæring
  • At brukaren skal greie mest mogleg sjølv
  • Å førebu forverring av livssituasjonen

 

Om tenesta

Praktisk bistand vert gjeven dersom du grunna sjukdom og nedsatt funksjonsevne ikkje klarer å ivareta dagleglivet sine gjeremål i heimen med omsyn til reingjering. Kommunen kan yte bistand til oppgåver som det er behov for hjelp til, ikkje oppgåver den enkelte sjølv kan klare. Det er kommunen som avgjer i samråd med deg kva tenester som vert gjeve.

Det er eit mål at du skal bli mest mogleg sjølvhjelpt i dagleglivet. Tenesta skal, viss det er hensiktsmessig, bli gjeven som opplæring i dagleglivets praktiske gjeremål. Praktisk bistand vert ikkje gjeve dersom brukaren eller andre i husstanden kan ivareta praktiske gjeremål/husarbeid. Heimehjelp blir kun utført i dei rom der brukaren oppheld seg til dagleg.

 

Standard for reinhald

1. Vanleg husreingjering (vert avgrensa til rom som er i dagleg bruk), støvsuging, støvtørking, riste mattar, skifte sengetøy etter avtale, vask av privat tøy i brukaren si vaskemaskin, enkel oppvask.

2. Innvendig vask av vindu vert utført normalt to gongar per år, fortrinnsvis om våren og i desember. Vindusvask vert avgrensa til vindauga i rom som er i dagleg bruk. Utvendig vask av vindu vert utført ein gong årleg (fortrinnsvis om våren), og kun dersom vindauga enkelt kan verta snudd eller at dei er lett tilgjengeleg utandørs. Gardinvask etter spesiell avtale.

3. Kjøkkenskap vert reingjort utvendig inntil ein gong årleg, kjøleskap kan verta reingjort inntil 2 gongar årleg.

Punkt 2 og 3 går av avsett tid. Det betyr at vanleg reinhald fell vekk ved utføring av desse oppgåvene.

 

Dette gjer heimehjelp ikkje:
  • Hovudreingjering/rundvask av bustad.
  • Innvendig skapvask.
  • Stryking, baking, pussing av sølvtøy og messing.
  • Hagearbeid, snømåking, bere ved
  • Lufting av tunge teppar
  • Reingjering ved flytting
  • Opprydding, vask etter selskap.
  • Reingjering etter handverkaren
  • Handvask av tøy
  • Følgetjeneste til lege / sjukehus/ tannlege/ post / bank

Matvareinnkjøp vert normalt ikkje utført. Brukar kan få hjelp til bestilling. Det er ein føresetnad at bestillinga vert heimkøyrd frå butikken. Brukaren betalar sjølv for varetransporten.

Dei som er ansatt som heimehjelp skal kunne vise fram legitimasjon (ID kort).

 

Reingjering kan falle bort ved desse høva:
  • På heilagdagar vert tenesta avtala med brukar. Ved heilagdagar som strekk seg over fleire døgn kan det verte vanskeleg å finne ein anna dag, og difor fell tenesta vekk i perioden.
  • Ved ferieavvikling og sjukefråvær der det er vanskeleg å skaffe vikar.
  • Når brukar er bortreist. Brukar må gje beskjed til heimehjelp i god tid.
  • Når brukar har besøk i meir enn to veker av pårørande som kan ta del i reingjeringa. Ved kortvarig besøk kan heimehjelp be besøket om å ikkje vere tilstades.

 

Vurderingsmoment

Om du får tildelt praktisk bistand beror på ei heilskapsvurdering, der mellom anna følgjande moment inngår:

  • Kva type hjelp du treng og kor omfattande behovet er
  • Om du har kognitiv svikt, og kor alvorleg den kognitive svikten er
  • Om alternativ til praktisk bistand er prøvd ut eller vurdert og ikkje funnen hensiktsmessig eller forsvarleg. Eksempelvis: rehabiliteringstiltak, førebuande tiltak, tilrettelegging av heimen eller omgjevnader, hjelpemidla, tekniske løysingar og velferdsteknologi,
  • Kva ressursar/hjelp du har frå eige nettverk/familie.
  • Heimehjelp tek ikkje over oppgåver brukar eller nære pårørande kan klare.
  • Praktisk bistand tek slutt når vaksne born eller andre vaksne bur fast eller mellombels i brukaren sin heim. Dette gjeld mellom anna ved feriebesøk i heimen.
  • Det er dei samla ressursar i heimen som dannar grunnlag for den hjelpa kommunen kan yte.
  • Hjelpa vert gjeven til den enkelte brukar. Tilbodet vil difor sjå ulikt ut frå brukar til brukar.

Behovet for hjelp vert løpande vurdert.

 

Forventningar/krav til den som mottek praktisk bistand

Du får ein individuell vurdering av ditt behov. Du og evt. dine pårørande vert teken med på råd ved utforming av tenestetilbodet. Du skal ha moglegheit til å vere med å påverke den daglege utforminga av tenester innanfor kommunen sine rammer.

Sørgje for at reingjeringsmidlar til kjøkken, bad og universal, toalettbørste, og støvsugar som ikkje er for tung er tilgjenge. Anna utstyr som mopper + stativ, vaskebøtte, nal og støvkluter vert tatt med av reinhalder.

Du må melde frå når du er borte. Praktisk bistand vert gjeven kun når du er heime.

Praktisk bistand vert ikkje gjeve på heilagdagar, feriar eller når pårørande er på besøk over lengre tid.

Gjenstander du er spesielt redd for, må ryddast bort.

Du må vere viljug til å møblere/eller ta imot hjelpemiddel også av omsyn til dei tilsette sine arbeidstilhøve. (I tråd med arbeidsmiljølova).

Du må sjølv delta i husarbeidet, dersom di helse tilseier at du kan det.

Husdyr må du halde åtskilt frå dei tilsette. Heimehjelpa har ikkje ansvar for reingjering etter husdyr. Urin, avføring og matrestar skal verte fjerna før heimehjelpa kjem.

Dersom du røykjer må du lufte før heimehjelpa kjem. Tilsette har rett på eit røykfritt miljø.

Adkomst til bustad må ha framkomeleg veg, synleg husnummer og utvendig ljos.

Brukar opptrer med venlegheit og respekt ovanfor heimehjelpa.

Heimehjelpar har ein plikt til å observere endringar, dokumentere og melde vidare til rett instans dersom behov. Heimehjelpar har óg moglegheit til å ta opp ting ho/han observerar med deg.

Forventningar/krav til den som yter praktisk bistand

Utstyr som mopper + stativ, vaskebøtte, nal og støvkluter vert tatt med av reinhalder.

Du skal oppleve å verte behandla med respekt og venlegheit.

Du skal oppleve tryggleik og føreseiing rundt tenestene. Du vert informert dersom oppmøte blir endra frå avtala tidspunkt.

Me har teieplikt.

 

Søknadsprosessen

Trykk her for å laste ned søknadsskjema

 

Søknad sendast til:

 

Fedje kommune

Pleie og Omsorg

Mulevegen 18

5947 Fedje

 

Dersom nokon skal søkje på vegne av andre, må den som har hjelpebehovet verte informert om søknaden og gje fullmakt til den.

Du vil få ei stadfesting innan to veker etter at kommunen har teke imot søknad.

Vurderingsbesøk må avtalast innan to veker etter at kommunen har teke imot søknad.

Svar på søknad skal liggje føre i form av vedtak innan fire veker etter kommunen har teke imot søknad.

Ved innvilga søknad vil det i vedtaket verte opplyst om antall timar som vert tildelt og hyppigheita på oppgåver som skal verte utført.

Ved endra situasjon vil ny vurdering finne stad. Tenesta vert revurdert fortløpande.

 

Pris

Prisen vert regulert etter den samla husstand si årsinntekt. Kommunestyret vedtek betalingssatsane årleg.

  • Det må betalast for den avtala tida, dersom brukarane unnlet å gje beskjed om at dei ikkje skal ha heimehjelp den aktuelle dagen.

 

Betalingssatsar til praktisk bistand er justert som følgjande:

Inntekt Eksisterande satsar (kr/time) Nye satsar 2022(kr/time) Maks betaling pr månad (kr)
Under 2 G 105 (210) 108 215
2-3 G  153 (961) 159 997
3-4 G  225 (1321) 233 1370
4-5 G  306 (1619) 317 1679
Over 5 G  346 (1923) 348 1994

 1 G = kr 111477 per 1.5.2022

 

Lover og retningsliner

Dette er ei lovpålagt teneste. Sjå mellom anna helse- og omsorgstenesteloven § 3-2, første ledd 6b

 

Kontakt

Har du eller din pårørande spørsmål om tenesta, kan du ta kontakt med Nadine Gutte-Preusse under tel.56165142 eller på e-post nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no

Dersom du vil informere om endringar eller reise, ver venleg og ring til Fedje sjukeheim på tlf 56165141.

 

Klage

Vedtaket kan klagast på. Klagen bør grunngjevast og utformast skriftleg. Klagen skal sendast til: Fedje kommune, pleie og omsorg, Mulevegen 18, 5947 Fedje. Klagefristen er 3 veker frå du fekk tilsendt vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, vil saka verte sendt til Fylkesmannen for endeleg handsaming, jf. Lov om pasient- og brukarrettigheter § 7-2.

 


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 13.06.2018