Fedje sjukeheim

Kommunen har sjukeheim med plass til 12 pasientar. Det er 12 enkeltrom. To plassar er avsett til korttidsopphald. Det er vanlegvis ikkje venteliste for å få plass ved sjukeheimen. Kommunen tek etter søknad periodevis også imot pasientar frå andre kommunar.

Det er dagaktivitetar for bebuarar på sjukeheimen ved opphaldstova på sjukeheimen fleire dagar for veka. Pasientar innanfor PU har dagtilbod 1 gong pr. veke ved Arbeidssenteret i Austrheim. Det er middagsutkøyring frå sjukeheimen dagleg til heimebuande som ønskjer det.

Pleie- og omsorgsleiar er Nadine Gutte-Preusse.
Hun kan du nå på tlf. 56 16 51 42 (direkte) eller via epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no.

Hovednummer til Fedje sykeheim 56 16 51 41.

Her finn du Felles søknadsskjema for helse og omsorgstenester  Tildelingskriterier og Forløp ved søknad. Om du treng hjelp til utfylling, kan du ta kontakt med pleie og omsorg.


Sist oppdatert: 30.01.2019
Publisert: 25.05.2018