Fedje sjukeheim

Kommunen har sjukeheim med plass til 12 pasientar. Det er 12 enkeltrom. To plassar er avsett til korttidsopphald. Det er vanlegvis ikkje venteliste for å få plass ved sjukeheimen. Kommunen tek etter søknad periodevis også imot pasientar frå andre kommunar.

Vi har ein aktivitør som organiserer og hjelper med dei ulike aktivitetar ved opphaldstova på sjukeheimen frå måndag til fredag, men det vert óg lagt til rette for individuelle aktivitetar. Legevisitt er vanlegvis på torsdag. Fysioterapeut kjem til vanleg tysdagar og torsdagar. Vi har vårt eigen kjøkken som lagar gode måltidar. Det er middagsutkøyring frå sjukeheimen dagleg til heimebuande som ønskjer det.

Link til brosjyre om sjukeheimen


Pleie- og omsorgsleiar er Nadine Gutte-Preusse.
Hun kan du nå på tlf. 56 16 51 42 (direkte) eller via epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no.

Hovednummer til Fedje sykeheim 56 16 51 41.

Her finn du Felles søknadsskjema for helse og omsorgstenester  Tildelingskriterier og Forløp ved søknad. Om du treng hjelp til utfylling, kan du ta kontakt med pleie og omsorg.

 

Besøksordning

Sjukeheimen er open for besøk, og det er ingen restriksjoner på besøksordninga. Velkommen! 

Skulle du ha spørsmål om dette, ta kontakt med sjukeheimen. 

 


Sist oppdatert: 19.01.2023
Publisert: 25.05.2018