HjemHelse, sosial og omsorgNedsatt funksjonsevneTransportordning for funksjonshemma (arbeidskøyring)

Transportordning for funksjonshemma (arbeidskøyring)

 

Desse kan søkje om stønad til transport til og frå arbeid

  • Varige uføretrygda personar som deltek i eit varig tilrettelagt arbeid (godkjent VTA-plass) og som treng særskilt tilrettelagt transport til og frå arbeid. · Søkjar må vere godkjent TT-brukar.
  • Søkjar må ha varige forflytningsvanskar som medfører at ein ikkje kan reise til og frå arbeidet med vanleg offentleg transport.
  • Reisa må føre til så store belastningar at det ikkje er rimeleg å krevje at ein skal nytte offentleg transport.

 

Slik søkjer du

  • Søknaden består av skjema for eigenerklæring og skjema for arbeidstider.

 

Her finn du skjema for arbeidskjørig med samtykke

Her finn du skjema for arbeidsdager

 

  • Du fyller sjølv ut eigenerklæringa. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte buss eller anna offentleg transport.
  • Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir behandla.
  • Du fell utanfor ordninga dersom du har fått bil gjennom folketrygda.
  • Det må sendast stadfesting frå arbeidsgjevar at du har godkjent VTA-plass.

 

Send søknaden til

Fedje kommune

Stormarkvegen 49

5947 Fedje

 

Slik blir søknaden behandla

Kommunen fattar vedtak i saka. Du vil få melding om vedtaket så snart det er ferdig behandla. Du kan klage på eit eventuelt avslag. Klagen sendes til kommunen.

 

Eigenandel

Du må betale eigendel for slik transport. Eigendel pr månad vert tal arbeidsdagar pr veke gonger 100 kr. Døme: 3 arbeidsdagar pr veke x 100 kr = 300 kr eigendel pr månad.

 

Kontakt

Pleie- og omsorgsleiar

Nadine Gutte-Preusse

Telefon: 56165142

Epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no


Sist oppdatert: 24.01.2023
Publisert: 22.06.2022