HjemHelse, sosial og omsorgNedsatt funksjonsevneParkeringsløyve for funksjonshemma

Parkeringsløyve for funksjonshemma

Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for forflytingshemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betalar avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som grunna vesentleg nedsett funksjonsevne, som har særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stadar.

 

Du kan søkje om du oppfyller følgjande vilkår 

  • Du har legeerklæring som seier at du har vanskar med å bevege deg over lengre avstand. Legeerklæringa må gje informasjon om din medisinske situasjon, diagnose, kor mange meter du er i stand til å gå med og utan hjelpemidlar, og om du brukar krykkjer, stokk, rullator eller rullestol.
  • Du har dokumentasjon på eit særleg behov for parkeringsløyvet ved bustad, arbeid/skule eller i samband med regelmessig medisinsk behandlig.

 

Slik søkjer du

I søknaden må du grunngi behovet ditt og skildre kvifor du ikkje kan nytte det ordinære parkeringstilbodet på dei stadane du treng å parkere.

 

Dette kan vere til hjelp når du skal fylle ut søknaden:

  • Kvar har du vansker med parkering, kor ofte er du der? (oppgje stadnamn/gateadresse)
  • Kvifor er det vanskeleg å parkere der?
  • Kva er det som gjer at du ikkje kan nytte det ordinære parkeringstilbodet?
  • Korleis vil eit parkeringsløyve hjelpe deg på desse plassane?

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ferdig utfylt søknadskjema
  • Legeerklæring
  • Eit bilete av deg sjølv (kan tas med kamera på mobil)
  • Om du søkjer som førar; ein kopi av gyldig førerkort
  • Om du søkjer som passasjer; kopi av ID-kort (for eksempel pass, bankkort med bilete, ledsagerbevis)

Du må sjølv passe på å søkja på nytt dersom du fortsatt har eit særleg behov for parkeringstillatelse. Søknadsprosessen er den same for deg som søkjar for første gang og for deg som søkjar på nytt. 

 

Lenke til søknadsskjema

Lenke til legeerklæring


Søknaden og legeerklæring sendast til:

Fedje kommune

Stormarkvegen 49

5947 Fedje

 

Eller levere den i servicekontoret på kommunehuset. 

 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for parkeringsløyve. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

 

Spørsmål

Om du har spørsmål til søknaden, kan du henvende deg til:

Pleie- og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse via epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no eller telefon: 56165142

 

Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
  • Stadar der det er innført bustadsoneparkering.

 


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 31.08.2022