HjemHelse, sosial og omsorgKonsultasjonsteam om vald og overgrep

Konsultasjonsteam om vald og overgrep

Er du bekymra for at eit barn er utsett for vald eller overgrep?

I teamet får ein hjelp til å fortolke åtferd og utsegn hjå barn som vekker bekymring, råd og rettleiing om korleis de skal få avklart situasjonen og kva de skal gjere vidare. Teamet i Alver består av representantar frå helsestasjonen, skulehelsetenesta, PPT, barnevernstenesta, BUP, og politi.

Teamet kan og gje råd om korleis ein kan gjennomføre ein samtale med eit barn, og kan ved behov hjelpe til å formulere bekymringsmelding til barnevernet. Teamet skal støtte den som kjem med bekymringa og skal ikkje ta over saka.
Alle saker til teamet skal vere anonyme når du presenterer saka. Legg att namn og nummer ved e-postkontakt og så vil koordinator for teamet ringe deg opp att. Husk at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post.

MERK: Har du ei akutt bekymring - ta kontakt med barnevernstenesta

 

Kven kan ta kontakt med teamet?

Personar som gjennom sitt arbeid eller på anna måte har ei bekymring for at eit barn kanskje vert utsett for seksuelle overgrep eller vald. Kontakt konsultasjonsteamet på førehand for å få tildelt møtetid.

 

Kontakt oss

Ring koordinator Anne-Lise Albertsen på tlf 56 37 50 82, eller eitt av dei andre teammedlemmane: 

  • Anne-Lise Albertsen (koordinator for konsultasjonsteamet/ samarbeids- og nettverkskontakt i barnevernstenesta)
    Tlf: 56 37 55 30 (direkte)/ 56 37 50 82 (sentral)
  • Jimmy Amundsen (sakshandsamar i barnevernstenesta)
    Tlf: 56 37 54 84 (direkte)/ 56 37 50 82 (sentral)
  • Siv Tveit Mjelstad (helsesjukepleiar)
    Tlf: 46 28 06 63
  • Jannicke Helland (fagansvarleg helsesjukepleiar)
    Tlf: 40 90 76 41
  • Ranveig Olsen (psykolog i BUP Nordhordland)
    Tlf: 56 34 33 00 (sentral)
  • Ole Kristoffer Tveiten (politikontakt v/ Nordhordland lensmannskontor)
    Tlf: 56 35 56 70
  • Geirunn Valdersnes (PPT Fensfjorden)
    Tlf: 56 16 20 00/ 96 62 56 65

Du kan og sende e-post til: konsultasjonsteamet@alver.kommune.no

 

Møtedatoar i teamet: 

Møtedatoar i konsultasjonsteamet 2. halvår 2023:

Stad: Helsehuset 6.etg (om ikkje anna er avtalt)

/ Teams ved behov

Torsdag 07.09., kl 12.00-15.00

   

Torsdag 05.10., kl 09.00-12.00

Torsdag 02.11., kl 09.00-12.00

         

 Torsdag 05.12., kl 12.00-15.00

 

 

Konsultasjonsteamet samarbeider med Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

Trykk her for meir informasjon om RVTS Vest


Sist oppdatert: 18.09.2023
Publisert: 31.01.2023