Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod til personar, familiar og pårørande som er ramma av kreft, og som treng råd og støtte i ein vanskeleg periode. Tilbodet er gratis, og du trenger ingen tilvising frå lege eller spesialisthelsetenesta.

Samtalene kan vera heima hjå deg, på kreftkoordinator sitt kontor eller på telefon.

Ta kontakt med kreftkoordinator Hildegunn Sivertsen på telefon: 45375811 eller på e-post: Hildegunn.k.sivertsen@fedje.kommune.no

 

Kva kan kreftkoordinator hjelpe deg med?

  • Kartlegge, rådgjeving og rettleie i alle fasar sjukdommen.
  • Koordinere og legge til rette kvardagen din på en best mogleg måte.
  • Samarbeidet mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunen.
  • Samordne tenestetilbodet til deg og pårørande på ein god måte.
  • Være samtalepartnar som kan bidra med å sortere tankar i ein vanskeleg tid.
  • Sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande.
  • Ha oversikt over relevante tilbod og tenester som kan passe for deg og dine pårørande.

 

 


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 07.03.2023