HeimBarnehageSøkje spesialpedagogisk hjelp

Søkje spesialpedagogisk hjelp

Dette er eit tilbod til barn frå 0 til 6 år.

Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp, om barnet ditt treng ekstra hjelp, støtte og rettleiing. Retten gjeld uavhengig av om barnet ditt går i barnehage eller ikkje.

Slik søkjer du

Trykk her for å søkje spesialpedagogisk hjelp

Det er ikkje søknadsfrist. Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp heile året.

  • Før du søkjer må PP-tenesta skrive ei sakkunnig vurdering med utgreiing og tilråding. 
  • Deretter må du som forelder eller føresett sende ein søknad om spesialpedagogisk hjelp til kommunen.
  • Kommunen gjer eit enkeltvedtak.
  • Det er kommunen som er ansvarleg for å gje den spesialpedagogiske hjelpa uavhengig av om barnet har plass i kommunal eller privat barnehage.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

  • Tidleg hjelp og støtte til utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
  • Vi kan gi hjelpa enkeltvis eller i gruppe.

Krav til søkjar

  • Barnet ditt må vere mellom 0-6 år.
  • Barn i skulealder kan også søkje om spesialundervisning

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 15.11.2018
Publisert: 12.11.2018