PPT er kommunen sin einaste sakkunnige instans som føretek utgreiing i høve born/unge sine rettar til spesialundervisning etter § 5.1 i opplæringslova. Hovudspørsmålet for vurdering av spesialundervisning er: Har barnet tilfredsstillande utbyte av opplæringa? Foreldre og tilsette i barnehage og skule kan søkja råd i spørsmål som gjeld trivsel, utvikling og opplæring for barn og ungdom. Ungdomar og vaksne kan ta direkte kontakt.
PPT skal arbeida på systemnivå for å auke barnehagar og skular sin kompetanse, slik at dei i best mogeleg grad kan gje born og unge tidleg hjelp og rett hjelp.
PPT samarbeider tett med skular og barnehagar. PPT har etter lova eit ansvar i å hjelpa skulen i arbeidet med å gjera undervisninga tilpassa elevane sine behov for å skapa mestring og god sjølvkjensle. PPT har fokus på kva faktorar i systemet rundt barnet som endrast for at barnet skal ha tilfredstillande utbyte av opplæringa. PPT er ein stad der føresette, lærarar og førskulelærarar kan søkja råd og rettleiing i tilhøve som har med barna sin trivsel, tilpassing og opplæring å gjera. Ungdomar over 15 år kan også sjølve ta direkte kontakt med PPT.
Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.
Tilsette i PPT i Austrheim
Eli Aarnes Lerøy - fagleiar
Audhild Kolaas - rådgjevar
Jeanet Lindås - rådgjevar
PPT har kontor i 2. etasje på kommunehuset. PPT i Austrheim er organisert i Rådmannens Stab.