HeimAndre tenesterLønn, skatt og avtalegiro

Lønn, skatt og avtalegiro

Skatt

Kommunen har ansvar for all skatteinnkrevjing, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift til det offentlege.

Nordhordland Kemnerkontor overtek skatteoppkrevjarfunksjonen for kommunane Austrheim og Fedje i perioden fram til 31.12.2018.

Link til Nordhordland kemnerkontor:

https://www.lindas.kommune.no/kemneren-i-nordhordland.327015.nn.html

www.nhkemner.no

post@nhkemner.no

Den statlege institusjonen, Skatteetaten har ansvar for skattekort, likninga, gåver og folkeregisteret.

For meir informasjon sjå: Skatteetaten eller Altinn.

Skatteetaten sin veiledningstelefon: 800 80000, kontaktadresse: Skatteetaten.no/elektronisk post.

 

Løn og andre utbetalingar frå kommunen

Alle som har eit krav mot kommunen i form av løn eller godtgjersle, må syte for at følgjande opplysningar følgjer med kravet:

  • Bankkontonummer
  • Epostadresse (elektronisk lønsslipp)
  • Eventuelt organisasjonsnummer/fødselsnummer

 

 

Digitalisering av fakturautsending

Fedje kommune jobbar i desse dagar med innføring av ny rutine for distribusjon av faktura for å auke grada av digital utsending. Dette for å lette arbeidet både for oss, og for dykk som mottek faktura. Den nye forma for utsending fører óg til ein ny fakturablankett.

Den nye løysinga inneber at alle faktura blir forsøkt sende digitalt,  via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Viss dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di. 

AvtaleGiro

Dersom du som kunde har AvtaleGiro, vil óg betalingsvarslinga bli forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha nokon girodel til brevgiro. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar, vil då vere å opprette AvtaleGiro, så får du tilsendt belastningsoppgåve i posten.

 

eFaktura

eFaktura er den mest brukte distribusjonskanalen vår, og vi vil rå alle våre kundar til å opprette eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.

 

Faktura via Vipps

Gjennom den nye løysinga har vi no moglegheit til å tilby Vipps Regning. Dette forutset at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps Regning inne i appen. I tillegg må du vere registrert med gyldig mobiltelefonnummer i vårt kunderegister. Ta kontakt med oss og gje opp telefonnummer dersom du ønskjer å motta framtidige faktura på Vipps.

 

Faktura i Digipost / eBoks

For å motta faktura på Digipost/eBoks fordrar det at du har oppretta ei digital postkasse hjå ein av desse leverandørene. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse bli brukt framfor Digital Postkasse.

 

Faktura som vedlegg i e-post

Ønskjer du å få fakturaen tilsend som eit PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakte oss for å få registrert di epostadresse i vårt system. Vi må presisere at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil desse bli brukt framfor epost.

 

Faktura levert i postkassa

Dersom vi ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare, og det einaste du vil merke, er at utsjåanden på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botnen, så om ein ønskjer å nytte brevgiro må einn fylle ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan ein få i banken, eller på servicetorget i kommunen. På servicetorget kan du óg få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ønskjeleg.

 

 


Sist oppdatert: 11.01.2019
Publisert: 11.06.2018