HeimAndre tenesterLedige stillingarFaste, ledige stillingar som sjukepleiar/vernepleiar

Faste, ledige stillingar som sjukepleiar/vernepleiar

Vi søkjer 2 autoriserte sjukepleiarar eller vernepleiarar i fast 100 % stilling. I den eine stillinga er det ønskjeleg med tiltreding i januar, den andre ca. mai 2020.

Fedje sjukeheim har 12 senger, der to av dei er sett av til korttidspasientar. Heimesjukepleien er integrert i sjukeheimsturnusen. Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med beredskapsvakter knytt til seinvakter og kvar tredje helg. På sjukeheimen er det ein spanande arbeidskvardag med ulike utfordringar og høve til å utvikle seg. Vi verdset dei gylne augeblikka og kvalitetsforbetring høgt.

Me søkjer deg som:

-          Har solid fagkunnskap

-          Er sjølvstendig og ansvarsbevisst, positiv og løysingsorientert

-          Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

-          Vil bidra aktivt til kontinuerleg kvalitetsforbetring

-          Kan lære av andre og dele eigen kunnskap med andre

-          Har evne til å ta gode avgjerder i ein travel kvardag

-          Kunne arbeide både åleine og saman med andre, også tverrfagleg

-          Kunne godt norsk eller anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg

-          Har sertifikat til bil

Me tilbyr:

-          Høve til å lære og utøve kunnskapsbasert sjukepleie, og delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø

-          Særs god pensjonsordning gjennom KLP

-          Hjelp til å skaffe bustad eller overnattingsmoglegheit for pendlar

-          Moglegheit for tilrettelegging av turnus

-          Gratis bruk av symjehall

-          Plass i god og trygg barnehage, eller nær oppfølging i ein liten og god skule

-          Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!


Søknadsfrist 6.januar 2020                                                                                                                                                             

Nærare opplysningar får ein ved å kontakte pleie og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse på 56165142/46846011 eller
nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no

     

Søknad med CV og referanser sender du til
Fedje kommune
Stormarkvegen 49
5947 Fedje
eller e-post: postmottak@fedje.kommune.no

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår!


Sist oppdatert: 04.12.2019
Publisert: 06.11.2019