HeimAndre tenesterLedige stillingarMiljøterapeut i psykisk helse/dagtilbod

Miljøterapeut i psykisk helse/dagtilbod

Stillinga er todelt:

Innan psykisk helse omfattar bl.a. arbeidet sakshandsaming og dagleg drift av lågterskeltilbodet innan psykisk helse inkludert t.d. kafetilbod og ungdomsklubb, individuell plan,  førebyggande arbeid og oppfølging av enkeltpersonar med mild til moderate psykiske lidingar og/eller rusproblematikk. Samarbeid med spesialisthelseteneste, NAV o.a. Oppfølging av støttekontaktar mm. I tillegg til di stilling, arbeider det 40% miljøarbeidar og 20% fysioterapeut innan psykisk helse.

Dagtilbod for heimebuande
demente inneber planlegging og drift av tilbodet. Målet er å gje hjelp til sjølvhjelp, slik at brukarane kan meistre sitt eige liv trass sine helseutfordringar. Råd og rettleiing til både brukarar og pårørande.

Stillinga rapporterer til pleie og omsorgsleiar. Om det er lite behov for tenestene til t.d. dagtilbodet i periodar, kan ein mellombels verte omplassert til anna arbeid.

Me søkjer deg som:

-          Har minst 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning

-          Har spesiell interesse og hjarte for arbeidsområdet

-          Er sjølvgåande og initiativrik

-          Har godt humør, og er god på samtale, dialog og samarbeid med mykje slags folk

-          Har god generell brukarkompetanse på IKT

-          Har vidareutdanning innan psykisk helse og/eller demens

 

Me ønskjer oss spesielt deg som:

-          har erfaring frå å arbeide «i felten»

-          har erfaring frå eit eller begge arbeidsområda

 

Søknadsfrist 22.08.2019

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å venda seg til Fedje kommune v/pleie- og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse tlf 56165142/468 46011

Søknad med CV og minst 2 referansar sender du Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje. Epost: postmottak@fedje.kommune.


Sist oppdatert: 02.08.2019
Publisert: 02.08.2019