HeimAndre tenesterLedige stillingarLedig undervisningsstilling vaksenopplæring

Ledig undervisningsstilling vaksenopplæring

Bilde av landsbyen i havet Fedje 

LEDIG INNTIL 60 % MELLOMBELS UNDERVISNINGSSTILLING I VAKSENOPPLÆRINGA

Fedje barne- og ungdomsskule er ein fådelt skule med ca. 70 elevar og ca. 12 faste undervisningsstillingar. Rektor er skulefagleg ansvarleg på kommunenivå, og har ansvar for vaksenopplæringa og SFO.

Frå 19.08.2019 til 31.12.2019 har vi ledig inntil 60% mellombels undervisningsstilling i vaksenopplæringa.

Me søkjer etter lærar med godkjent lærarutdanning som har utdanning eller erfaring  med undervisning av vaksne. Undervisninga vert gjort i lita gruppe. Undervisninga omfattar både norskopplæring og grunnskuleundervisning i matematikk og naturfag for minoritetsspråklege. Du må kunne jobbe sjølvstendig  og undervise elevar  på forskjellige nivå samtidig.

Me søkjer deg som er stabil og har god evne til klasseleiing. Du har kjennskap til arbeid med psykososialt miljø. Det er eit krav at du snakkar og skriv godt norsk. Fedje er ein nynorskkommune. Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.

Om det er interne søkjarar med fortrinnsrett, vil dei verte vurdert først. Eksterne søkjarar vil då ikkje verte vurdert.

Søknadsfrist 16.08.2019.
For meir informasjon: Rektor Mona Vabø -  tlf 56165120/ 918 52445

Send søknad med CV og minst 2 referansar til Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje eller postmottak@fedje.kommune.no.
For å få eit inntrykk av kommune vår: www.fedje.kommune.no eller sjå filmen om Fedje!


Sist oppdatert: 02.08.2019
Publisert: 02.08.2019