Helse- og omsorgssjef

Fedje -Landsbyen i havet

Er du ein strategisk og samlande leiar som både kan vera med og leia arbeidet med dei store reformane, og ha eit auge for detaljane i helse- og sosialfeltet i Fedje kommune? Som tek sin naturlege plass i det interkommunale utviklingsarbeidet, og samstundes kan motivera og leia samarbeidet mellom einingane her i kommunen?


Me søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal leia helse- og omsorgssektoren. Helse- og omsorgssjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Helse- og omsorgssjefen er med i rådmannen si leiargruppe.

Me ønskjer deg som har

- høgare helse- og sosialfagleg, økonomisk/juridisk, administrativ eller samfunnsfagleg utdanning

- leiarerfaring og kunnskap om budsjett og økonomistyring

- jobbar strukturert og målretta

- er god på relasjonsbygging, og evner å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad

 

Me ser gjerne at du

- har erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt

- har kjennskap til kommunal verksemd, gjerne frå ein liten kommune
- har god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg

- er fagleg oppdatert på reformane innan helse og omsorg

 

Me byr på

- Ei interessant leiarstilling med både store og små oppgåver i eit tett og lite miljø

- Nærleik til innbyggjarar, oppgåver og resultat

- Engasjerte medarbeidarar som brenn for innbyggjarane sitt beste

- Å vera ein del av landsbyen i havet med storhavet og naturen tett på, gode naboar og eit aktivt kultur- og friluftsliv

- Hjelp til å skaffa bustad, barnehageplass i ein aktiv barnehage, og eit godt oppvekstmiljø.

- Lønn etter avtale

 

Søknadsfrist 15.08.2019.
For meir informasjon: Rådmann Nils Moldøen – tlf 56165106/ 91107377

Send søknad med CV og minst 2 referansar til Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje eller postmottak@fedje.kommune.no.
For å få eit inntrykk av kommune vår: www.fedje.kommune.no eller sjå filmen om Fedje!

Foto: Endre Hopland


Sist oppdatert: 12.07.2019
Publisert: 12.07.2019