HeimNyheterVellykka utdanningsmesse for Nordhordland

Vellykka utdanningsmesse for Nordhordland

Regine (nyutdanna helsefagarbeidar, Radøy), Marte (TAF-lærling helse, Radøy), Niklas (Lærling barne-og ungdomsarbeidar, Radøy) og Caroline (nyutdanna fagarbeider kontor, Meland) stilte på messa og håpar fleire skal velgje fagarbeider.
Kommunane i Nordhordland har også i år samarbeidd om stands på Utdanningsmessa YOU.
Publisert: 29.11.2018
Sist endra: 29.11.2018

To ettermiddagar viste blant anna friske barne- og ungdomsarbeidarlærlingar frå Radøy, sindige ingeniørar frå Lindås, blide TAF Helse-lærlingar og ein heilt nyutdanna fagarbeidar innan kontorfag at kommunen er ein meiningsfull arbeidsplass med interessante arbeidsoppgåver.

Arne, VA- ingeniør frå Radøy håpar på rekruttar!

Ein quiz med moglegheit til å vinna ein power bank var heller ikkje å forakta. Nordhordlandskommunane tilbyr lærlingplass i 8 ulike fag til saman – og mange dyktige høgskuleutdanna treng me og. Skap eit samfunn – jobb i kommunen!

Det var mange elevar som var interessert i informasjon på messa