HjemAktueltNyheiterTomt for INFLUENSAVAKSINE!

Tomt for INFLUENSAVAKSINE!

Vi har i år vaksinert langt fleire enn vi pleier, og gjekk i dag tom for vaksinedosar. Vi vil prøve å få tak i fleire dosar, og ber om at alle som ynskjer vaksine, melder frå til helsesjukpleiar Kjersti Torstensen. Ho er på helsestasjonen kvar torsdag og fredag. Vi vaksinerer ikkje fredag 061120

 

Risikogruppene er:

            -Hjartesjuke

            -Lungesjuke

            -Sukkersjuke

-Personar som er svekka av andre grunnar (leversvikt, nyresvikt, alvorlig

nervesjukdom, nedsett immunforsvar, grov overvekt =BMI >40).

-Alle personar over 65 år og gravide i 2. og 3.trim.

            -Dei som bur på institusjon (sjukeheim)

For desse gruppene kan influensa vere ein farleg sjukdom.

 

I tillegg vil vi tilby vaksine til alt helsepersonell. Dette vert betalt av kommunen.

 

Vil du ha vaksine, ta kontakt med leiande helsesjukepleiar Kjersti Nilsen Torstensen på tlf. 56165117 eller 408 02 756 . Vi lagar venteliste.

 

Litt informasjon:

1)    Dei fleste influensaepidemiane kjem i perioden desember- januar

2)    For dei fleste er influensa ein ufarleg, men til tider svært ubehageleg sjukdom (med unnatak av risikogruppene du kan lese om i innleiinga)

3)    Influensavaksinen bør takast seinast 2-3 veker før ein epidemi, og helst før overgangen oktober til desember

4)    Influensavaksinen gjev vern mot influensasjukdom i ca. 3-4 månader og det må takast ny vaksine kvart år.

5)    Dei som har allergi mot egg, kan ikkje vaksinerast mot influensa

6)    Vi vaksinerer ikkje ved akutte infeksjonar

7)    Vanlegaste biverknader er ømheit på stikkstaden, litt feber og lette influensasymptom. Sjeldan allergi.

8)    VAKSINEN GJEV IKKJE VERN MOT VANLEG FORKJØLING.

 

 

Med venleg helsing

 

 

Kommuneoverlege                                                    Leiande helsesjukepleiar

Ernst Horgen                                                             Kjersti Torstensen      


Sist oppdatert: 30.10.2020
Publisert: 30.10.2020