HeimNyheterSvømmebassenget

Svømmebassenget

Grunna skade i bassenget, er dette stengt inntil vidare og truleg ut året.

Taket over svømmebassenget har lyddempande plater. På grunn av ballspel o.l. har no 21 av platene flytta seg ut av rammene og må fiksast. I tillegg er eit lysarmatur rett over bassenget skada alvorleg og må skiftast ut. For at det skal vere mogleg å gjere dette arbeidet, må me tømme bassenget. Det tar minst ei veke fordi tømminga må skje sakte for at ikkje flisene skal verte øydelagte. Så må taket vølast. Etterpå må bassenget igjen fyllast - sakte - og vatnet rensast. Denne siste prosessen tek også nokre veker. Difor ser det diverre ut som det ikkje vert meir bading på oss i år. Me melder frå på heimesida når me igjen kan gjere oss nytte av vårt gode bassengtilbod!


Sist oppdatert: 01.11.2019
Publisert: 31.10.2019