HjemAktueltNyheiterStortingsval 2021

Stortingsval 2021

Me treng og ein del ekstra varafolk dette valet, grunna Covid- 19.

 Har du lyst å delta som valmedarbeidar?

 Kven kan vera valmedarbeidarar? Dei fleste som er norske statsborgarar,  og har fylt 18 år seinast innan 31.12.2021, kan vera valmedarbeidarar. Det er nokre unntak, til dømes kan du ikkje stå på valliste.

 Ynskjer du vera valmedarbeidar må du vera tilgjengeleg nokre timar på dagtid/ ettermiddag/ kveld, den 13. september 2021. Tidspunkt vert nærare avtalt  i fyrste halvdel av juni 2021.

 Det vert opplæring for alle valmedarbeidarar i august eller tidleg i september, opplæringa vert ein kveld.

 Har du lyst å vera medarbeidar i røystestyret?

 Kven  kan vera med i røystestyret? Dei fleste som er norske statsborgarar,  og har fylt 18 år seinast innan 31.12.2021, kan vera med i røystestyret. Det er nokre unntak.

 Ynskjer du vera med i røystestyret må du vera tilgjengeleg nokre timar på dagtid/ ettermiddag/ kveld, den 13. september 2021. I tillegg må du vera tilgjengeleg frå klokka 1700 og nokre timar tysdag 14. september 2021.

 Ynskjer du melda deg som valmedarbeidar, eller kandidat til røystestyret, ta kontakt med Kristin Handeland innan 18.05.2021. Du kan ta kontakt per telefon/sms på mob. Nr 90669831, eller på e-post kristinhandeland@fedje,kommune.no innan 18.05. 2021


Sist oppdatert: 07.05.2021
Publisert: 07.05.2021