HeimNyheterStår du i manntalet?

Står du i manntalet?

Val 2019

 Du kan kontrollere om du står i manntalet for Fedje kommune i manntalet som er lagt ut på kommunehuset, på Matkroken Fedje eller Fedje folkebibliotek. Du kan også ta kontakt pr. telefon til kommunehuset på telefon 56 16 51 00 for å kontrollere om du står i manntalet.

Dersom du meiner at du eller andre med urette har vorte innført, eller ikkje er teken med i manntalet, kan du krevje at valstyret rettar feilen. Krav om retting skal sendast skriftleg til valstyret:
Valstyret i Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje

Har du flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30.06.2017, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då førehandsrøyste her du bur no, eller røyste på valdagen i den kommune du flytta frå.

For nærare informasjon om kommune-og fylkestingsvalet, sjå www.valg.no eller www.fedje.kommune.no , eller ta kontakt på kommunehuset.

Stian Herøy
Leiar i valstyret
Fedje kommune


Sist oppdatert: 10.07.2019
Publisert: 10.07.2019